Netto utpendling i 31 kommunar

Netto utpendling i 31 kommunar

31 av fylkets kommunar hadde ei netto utpendling i 2011. Unntaka var Molde, Ålesund, Ulstein, Stordal og Sunndal kommunar. Pendlingsmatrisa viser at det var høg innpendling til desse fem kommunane frå dei omkring-liggande kommunane. Kommunane hadde dessutan høg arbeidsplassdekning i 2011, altså fleire arbeidsplassar enn arbeidstakarar.

Med utgangspunkt i pendlarstraumar og geografi er det mogleg å dele Møre og Romsdal inn i fire bu- og arbeidsmarknadsregionar: Søre-Sunnmøre, Nordre- og Indre Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Pendlarstraumen mellom desse er høvesvis låg. I absolutte tal er utpendlinga størst frå Nordre- og Indre Sunnmøre og til dei tre andre regionane. Relativt er utpendlinga størst frå Nordmøre. 7,5 prosent av dei yrkesaktive på Nordmøre pendlar til ein av dei andre bu- og arbeidsmarknadsregionane i fylket.

Fordelinga av innpendlarar til ein kommune etter næring speglar først og fremst næringsstrukturen i kommunen. Molde, Ålesund, Ulstein, Stordal og Sunndal kommunar hadde netto innpendling i 2011. Til dømes var meir enn halvparten av innpendlarane til Ulstein sysselsett i industrien. I Stordal og Sunndal var om lag 1/3 av innpendlarane sysselsett i industrien. Av innpendlarane til Ålesund var om lag kvar andre sysselsett i næringa varehandelen-, hotell og restaurantverksemd. I Molde var 38 prosent av innpendlarane sysselsett i varehandelen-, hotell og restaurantverksemd. Ein stor del av innpendlarane til Molde og Ålesund var dessutan sysselsett i næringar som kan samlast under nemninga offentleg forvalting og anna tenesteyting.

Enkelte kommunar skil seg ut ved at den relative inn- og utpendlinga var høvesvis låg. I Stranda, Rauma, Sandøy, Kristiansund, Sunndal og Smøla kommunar var pendlingsstraumane inn og ut av kommunane under 20 prosent. Kommunen med lågast inn- og utpendling i 2011 var, som året før, Sandøy.

Pendling etter næring 2011

Last ned

Pendlingsstraumar mellom kommunane i Møre og Romsdal 2011

Last ned