Færre døyr i trafikken

Færre døyr i trafikken

Frå 2001 til 2010 omkom det årleg om lag 15 personar i trafikken i Møre og Romsdal. Men 2010 og 2011 syner ei markant betring i tala, der talet på trafikkdrepne er langt lågare. Talet på dødsulykker er om lag det same som talet på trafikkdrepne. Med andre ord så omkjem det gjennomsnittleg ein person i ei dødsulykke. 

Vegtrafikkulykker i Møre og Romsdal utgjer 5,2 prosent av alle vegtrafikkulykkene i landet. Talet på dødsulykker i fylket utgjer 3,2 prosent av alle dødsulykker i landet og talet på trafikkdrepne utgjer 3 prosent av alle trafikkdrepne i landet. Talet på skadde i Møre og Romsdal utgjer 5,9 prosent av alle trafikkskadde i landet, medan hardt skadde og lettare skadde utgjer høvesvis 4,0 og 4,9 prosent av landstala. Til samanlikning utgjorde befolkninga i Møre og Romsdal 5,2 prosent av folketalet i Noreg i 2011.

I statistikken over vegtrafikkulykker med personskade, utgjer delen som blir registrert med “uoppgitt skadegrad” i Møre og Romsdal 18,1 prosent av alle med uoppgitt skadegrad i landet. Det er ikkje mogleg å seie noko om skadeomfanget til personane i denne gruppa, men det er lite truleg at det er omkomne i desse tala.

Per august 2012 har det vore i alt 214 ulykker med personskade på vegane i fylket, med i alt 302 skadde personar. Til saman har 7 personar omkome i trafikken i fylket hittil i år, fleire enn i heile 2011 og like mange som i heile 2010.

Vegtrafikkulykker med personskade - etter fylke 2011

Last ned