1 av 4 pendlar

1 av 4 pendlar

Pendling blir skapt der det er underskot på arbeidsplassar i forhold til arbeidsstyrken. I Møre og Romsdal var det ei underdekning på 4 974 arbeidsplassar i 2011.

Førre året var det meir enn dobbelt så mange som pendla ut av fylket som inn, høvesvis 9 527 personar som pendla ut og 4 553 personar som pendla inn. Målt i forhold til arbeidsplassar var innpendlinga til fylket på 3,5 prosent. Samtidig pendla 7,1 prosent av alle yrkesaktive i fylket ut. Blant pendlarane var det dobbelt så mange menn som kvinner.

Det er høg utveksling av arbeidskraft mellom kommunane. Nærare ein av fire sysselsette i fylket var pendlarar i 2011. Dette er nett som tidlegare år, og betyr at ein av fire kryssar minst ei kommunegrense på veg til og frå arbeid.

Innpendlinga førre året var størst til Ålesund, med 7 644 personar. Deretter følgjer Molde, Ulstein og Kristiansund kommunar. Dette er same mønster som førre året. Målt i forhold til arbeidsplassar, var innpendlinga størst til Ulstein, med 44,2 prosent. Det betyr at nærare kvar andre arbeidstakar i Ulstein i 2011 var busett utanfor kommunen. Innpendlinga var minst til Sandøy og Smøla kommunar, både absolutt og relativt.

I 2011 pendla 4 213 personar ut frå Ålesund. Også frå Sula og Fræna var det stor utpendling. Målt i forhold til yrkesaktive, var utpendlinga størst frå Skodje, med 64,6 prosent. Deretter følgjer Sula og Gjemnes. Av kommunane i fylket, var det ni som hadde utpendling på 45 prosent eller meir. Lågast utpendling var det frå Sandøy kommune, både absolutt og relativt.

Pendling per kommune 2011

Last ned

Tal pendlarar ut / inn til kommunen 2011

Last ned