Små endringar i lønnsskilnaden mellom menn og kvinner

Små endringar i lønnsskilnaden mellom menn og kvinner

Gjennomsnittleg bruttoinntekt for kvinner var i 2010 i gjennomsnitt 63,1 prosent av den gjennomsnittlege bruttoinntekta til menn i Møre og Romsdal. På landsbasis var gjennomsnittleg bruttoinntekt for kvinner 65,9 prosent av gjennomsnittleg bruttoinntekt for menn. Samtidig viser utviklinga at inntektsskilnaden mellom kvinner og menn blir mindre. Dette er ein trend vi har sett dei siste åra, men framleis er skilnaden veldig stor.

I 2010 hadde menn i Møre og Romsdal ei gjennomsnittleg bruttoinntekt på 422 000 kroner, mot 433 200 kroner på landsbasis. Same år var kvinners gjennomsnittlege bruttoinntekt på 266 400 kroner i Møre og Romsdal og 285 600 kroner på landsbasis. Gjennomsnittleg bruttoinntekt var altså 2,6 prosent høgare for menn og 7,2 prosent høgare for kvinner på landsbasis. Medianinntekta1 er i Møre og Romsdal 305 700 kroner, 2,4 prosent lågare enn for heile landet, kor medianinntekta er 313 300 kroner.

Skodje, Ulstein, Herøy, Sandøy, Ålesund og Molde kommunar har høgare gjennomsnittleg bruttoinntekt for begge kjønn enn landsgjennomsnittet. Kommunane med lågast gjennomsnittleg bruttoinntekt for begge kjønn er Rindal, Surnadal og Tingvoll.

Akershus er framleis det fylket kor gjennomsnittleg bruttoinntekt for begge kjønn er høgast, med Oslo, Rogaland og Hordaland bak seg. Dette er dei einaste fylka som ligg over landsgjennomsnittet. Møre og Romsdal kjem på ein 6. plass, bak Buskerud.

I berre to kommunar i Møre og Romsdal har kvinner høgare gjennomsnittleg bruttoinntekt enn kva landsgjennomsnittet er. Dei to kommunane er Skodje og Molde. Ålesund, Ulstein, Sykkylven og Stranda kjem på plassane bak, og har høgare gjennomsnittleg bruttoinntekt for kvinner enn fylkesgjennomsnittet, men noko lågare enn landsgjennomsnittet. Lågast gjennomsnittleg bruttoinntekt for kvinner i fylket er i Midsund, Vanylven og Sande. Oslo, Akershus, Rogaland og

Finnmark er dei fylka kor gjennomsnittleg bruttoinntekt for kvinner er høgast, og som er over landsgjennomsnittet. Møre og Romsdal kjem på ein 12. plass.

I 10 av kommunane i fylket har menn høgare gjennomsnittleg bruttoinntekt enn landsgjennomsnittet. Herøy er den kommunen i fylket kor menn har høgast gjennomsnittleg bruttoinntekt, med Sandøy og Ulstein på plassane bak. Lågast gjennomsnittleg bruttoinntekt for menn er det i Rindal, Surnadal og Halsa. Rogaland, Akershus, Oslo og Hordaland er dei fylka kor gjennomsnittleg bruttoinntekt for menn er høgast, og som er over landsgjennomsnittet. Møre og Romsdal kjem på ein 7. plass.

I 13 av kommunane i fylket er kvinneinntekta i prosent av mannens inntekt lik eller høgare enn landstala. Dei tre kommunane kor gjennomsnittleg bruttoinntekt for kvinner er høgast i prosent av gjennomsnittleg bruttoinntekt for menn er i Skodje, Rindal og Norddal kommunar. Lågast er den i Herøy, Sandøy og Midsund.

Berre Vest-Agder og Rogaland har lågare gjennomsnittleg bruttoinntekt for kvinner i prosent av gjennomsnittleg bruttoinntekt for menn enn Møre og Romsdal. På topp ligg Finnmark, kor gjennomsnittleg bruttoinntekt for kvinner er 78,9 prosent av gjennomsnittleg bruttoinntekt for menn.

Medianinntekta er høgast i Molde, med Ålesund, Skodje og Sykkylven på plassane bak. Det er også dei kommunane i fylket kor medianinntekta er høgare enn kva den er på landsbasis. Aukra, Gjemnes og Fræna har ei medianinntekt som er høgare enn kva den er for fylket, men lågare enn for landet. På botn ligg Smøla, med Stordal og Tingvoll på plassane over seg. Også når det gjeld medianinntekt ligg storbyfylka på topp. Akershus, Oslo, Rogaland og Hordaland ligg på topp og over medianinntekt i landet. Møre og Romsdal kjem på ein 8. plass.

Hovudpostar frå likninga for busette personar 17 år og eldre i 2010

Last ned

Hovudpostar frå likninga for busette personar 17 år og eldre, 2010

Last ned

Utvikling i medianinntekt i kommunen med høgast og lågast medianinntekt i 2010 i perioden 1993-2010.

Last ned