Kommuneøkonomi

Kommuneøkonomi

Alle kommunar skal rapportere informasjon om si verksemd til Statistisk sentralbyrå (SSB) gjennom Kommune-Stat-rapporteringa (KOSTRA). Hos SSB vert tala registrert og samanstilt, for å gje relevant informasjon til avgjerdstakarane og andre, både nasjonalt, regionalt og lokalt. Informasjonen skal tene som grunnlag for analyse, planlegging og styring. I tabellane her er det den finansielle situasjonen og driftskostnadane i kommunane som er vektlagt. I KOSTRA er det grundig informasjon om kommunal verksemd innanfor alle sektorar.

I tabellane er det nytta konserntal, slik at kommunen, kommunale føretak, kommunale samarbeid og interkommunale selskap er med. Tabellen over dei økonomiske indikatorane syner dei viktigaste nøkkeltala når det gjeld kommunane sin økonomiske situasjon. Netto driftsresultat vert sett på som den viktigaste enkeltståande indikatoren for korleis den økonomiske situasjonen i ein kommune er. Netto driftsresultat er det kommunane har igjen etter at drifts- og finansutgiftene er betalt. Det er tilrådd at netto driftsresultat er på minst tre prosent av driftsinntektene over tid, for at kommunane sin formue skal verte ivareteken.

Det er ein del faktorar som talar for at den underliggande økonomiske balansen i kommunane i Møre og Romsdal er svak. Brutto driftsresultat viser kor mykje kommunane har att av driftsinntekta når driftsutgiftene er betalt. Det som står att må vere nok til å betale finansutgiftene samt pliktige og naudsynte avsetjingar.

Av tabellen går det fram at kommunane har høgare lånegjeld enn landsgjennomsnittet utanom Oslo. Slik har det vore over lang tid, og utvikla dei siste åra har vore at lånegjelda har auka meir hjå kommunane i Møre og Romsdal, enn i landet elles utanom Oslo. Det vil seie at kommunane har bunde opp handlingsrommet i lang tid framover. På kort sikt fører det til at kommunane i Møre og Romsdal har høge finanskostnadar og at det er mindre pengar igjen til tenesteproduksjon. Tabellen syner vidare at netto driftsresultat i 2011 vart på éin prosent av driftsinntektene for alle kommunane i Møre og Romsdal samla. Det er lågare enn landsgjennomsnittet og tilrådinga. Då tærer kommunane på formuen for å halde drifta i gang.

Disposisjonsfondet er kommunane sin sparekonto. For å byggje opp disposisjonsfondet, er kommunane avhengig av å ha frie midlar til disposisjon i netto driftsresultat. Midlane her kan nyttast etter kommunane sitt eige ønske, til dømes som eigenfinansiering i investeringar eller til å dekke inntektssvikt eller uventa utgifter.

Tabellen over netto driftsutgifter i prosent av totale netto driftsutgifter syner kva kommunane har nytta at eigne midlar i dei ymse sektorane, på bakgrunn av behov og prioriteringar i kommunen. Gjennomsnittstala for kommunane i Møre og Romsdal og for Noreg utanom Oslo, syner at det er lite variasjonar i kor mykje kommunane nyttar på dei ymse sektorane. Studerer ein tala på kommunenivå, ser ein at tala varierer meir.

Den sektoren som kommunane i Møre og Romsdal nyttar mest av midlane sine på, er pleie- og omsorg. Det er også den største sektoren for Noreg utanom Oslo. Den nest største sektoren er grunnskule, følgt av barnehagesektoren, både i Møre og Romsdal og i Noreg utanom Oslo.

Økonomiske indikatorar for 2011, konsern

Last ned

Netto driftsutgifter i prosent av totale netto driftsutgifter, sektorvis, 2011, konsern

Last ned