Fleire gjeldfrie i Møre og Romsdal

Fleire gjeldfrie i Møre og Romsdal

Vedvarande låge renter og stadig høgare bustadprisar gjer at stadig fleire låner stadig meir. Etter førre krise i finansmarknaden vart det innført krav om eigenkapital ved kjøp av bustad og ei rettleiande grense, kor ein åtvara mot å låne meir enn tre gonger samla inntekt.

På landsbasis er 17 prosent av alle hushald gjeldfrie. I Møre og Romsdal er delen 21 prosent, og berre Ålesund og Sunndal har ein lågare del gjeldfrie enn landsgjennomsnittet. Høgast del gjeldfrie er det i Sande med 35 prosent, med Vanylven på plassen bak. Molde, Ålesund og Kristiansund ligg alle nær landsgjennomsnittet, noko som truleg skuldast at høgare bustadprisar i byane held delen gjeldfrie låg.

Delen hushald som har ei gjeld mindre eller lik samla inntekt, er i Møre og Romsdal på 34 prosent. Dette er som i landet elles. Ulstein har lågast del, med 28 prosent, medan den er høgast i Sandøy og Sunndal med 40 prosent.

Om ein ser på delen som er gjeldfri og delen med ei gjeld som er lågare eller lik samla inntekt under eitt, får ein eit bilde av kvar delen med låg gjeld er høgast. På landsbasis utgjer dette 51 prosent av alle hushald. I Møre og Romsdal er same del 55 prosent. Av kommunane kjem Vanylven på topp, medan Ålesund kjem på botn. Delen av hushalda som har ei gjeld 1-2 gonger og 2-3 gonger samla inntekt under eitt, utgjer 35 prosent av alle hushald på landsbasis og 34 prosent i Møre og Romsdal. Delen er høgast i Skodje, Ålesund og Kristiansund. Delen er lågast i Vanylven.

Gruppa som har ei gjeld større enn tre gonger samla inntekt, utgjer i Møre og Romsdal 12 prosent, medan den på landsbasis er 14 prosent. I Molde og Ålesund har ein høgare del av hushalda ei gjeld større enn 3 gonger inntekt enn for landet, høvesvis 17 og 16 prosent. Resten av kommunane har ein lågare del enn landet. Vanylven, Sande og Sandøy har lågast del hushald med gjeld større enn tre gonger samla inntekt i fylket.

Gjeld per hushald i prosent 2010

Last ned

Topp 10 kommunar med lågast og høgast del av hushald med høg gjeld.

Last ned