Vekst i detaljhandelen

Vekst i detaljhandelen

Detaljhandelsbedriftene i Møre og Romsdal omsette for 17,9 milliardar kroner i 2011. Dette er ein auke på 442,5 million kr eller 2,5 prosent samanlikna med 2010. Til samanlikning var den nasjonale auken i omsetninga i detaljhandelen på 3,0 prosent.

Førre året var omsetninga i detaljhandelen på kr 70 567 per innbyggar i fylket. Dette er 1 019 meir enn året før, og svarar til ein auke på 1,5 prosent. I Noreg var omsetninga på 73 171 kroner per innbyggar, noko som er ein auke på 1 252 kroner eller 1,7 prosent frå 2010. Omsetninga i Møre og Romsdal var dermed lågare per innbyggar enn i landet elles. Auken i omsetninga var dessutan svakare enn i landet.

Utviklinga frå 2010 til 2011 viser auka omsetning i detaljhandelen i 29 av kommunane i fylket. I sju kommunar var omsetninga større enn både fylkes- og landsgjennomsnittet.
Høgast omsetning per innbyggar var det i Ålesund, med 110 880 kroner, følgt av Molde og Ulstein kommunar. Lågast omsetning var det i Sande, med 23 112 kroner per innbyggar. Omsetninga per innbyggar var 51,5 prosent over landsgjennomsnittet i Ålesund, og 68,4 prosent under landsgjennomsnittet i Sande.

Relativt var omsetningsveksten i detaljhandelen størst i ­Hareid kommune, med 8,7 prosent. Størst var nedgangen i Sandøy kommune, med 18,5 prosent.

Omsetning per innbyggar i detaljvarehandelen (kr)

Last ned

Omsetning per innbyggar i detaljhandel (kr) etter kommune, fylke og landet.

Last ned