Skogbruket

Skogbruket

Møre og Romsdal fylke dekker eit totalareal på 14,6 millionar dekar. Av dette er ein fjerdepart, eller 3,6 millionar dekar, skogkledd mark. Av samla skogareal er 2,84 millionar dekar definert som produktiv skogsmark. Dette utgjer om lag 4 prosent av det samla produktive skogarealet i landet.

I 2011 vart det omsett 140.000 m3 med virke til industrien. Hogst til ved kjem i tillegg. Dette er rekord, om ein ser bort frå avverkinga etter orkanen i 1992. Avverkinga i 2012 er venta å auke ytterlegare på grunn av orkanen Dagmar (2011), som førte til store skogskader, spesielt på Sunnmøre.

Skogarealet i Møre og Romsdal i hektar

Last ned

Hogst av industrivirke (m3) i Møre og Romsdal 2004-2011

Last ned