Auke i talet på norske gjestar
Samanlikna med perioden januar-august 2011 ser vi ein auke i talet på hotell- og campingovernattingar i Møre og Romsdal, på 5,9 prosent. Med nesten om lag 65 000 fleire overnattingar i 2012, er det dei norske gjestane som utgjer den klart største delen av auken for fylket. Norske overnattingar utgjer om lag 735 000 av totalt 1 167 000 overnattingar så langt i 2012. Overnattingane omfattar hotell, campingplassar, hyttegrender og vandreheimar.
Det er Ålesund-regionen som har flest overnattingar i perioden, med i underkant av 390 000. Men den største auken frå i fjor kjem i regionen Kristiansund og Nordmøre, som har hatt heile 29 500 fleire overnattingar i 2012. Dette utgjer ein auke på over 12 prosent.
Fjord-Noreg, som omfattar fylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, samarbeider om utviklinga av reiselivet på Vestlandet. Møre og Romsdal er det fylket i Fjord-Noreg som aukar mest, og om lag halvparten av auken i overnattingar i Fjord-Noreg kjem i Møre og Romsdal. Veksten i overnattingar er også klart høgare i Møre og Romsdal enn i landet elles, som har ein vekst på 1,2 prosent.
Svak nedgang i utanlandske overnattingar – flest tyske
Talet på overnattingar frå utlandet sank med 0,5 prosent samanlikna med 2011. Tyskland er det landet med klart flest overnattingsdøgn i Møre og Romsdal i perioden januar-august 2012. Tyskland er, sjølv med ein nedgang så langt i 2012, framleis det viktigaste landet for reiselivet i fylket, med sine 123 000 overnattingar (eller kvar 4. overnatting i perioden). Litauen og Polen er landa med størst auke, med over 75 prosent.
Industrien i fylket nyttar innleigd arbeidskraft frå land i Aust-Europa, og noko av svingingane i overnattingar mellom år kan forklarast med industrien sin varierande bruk av innleigd arbeidskraft. Samanlikna med 2011 har det mellom anna vore over 17 000 fleire overnattingar frå Polen og Litauen.