Noregs største industrifylke

Noregs største industrifylke

Møre og Romsdal held plasseringa som Noregs største industrifylke, målt i del av alle arbeidsplassar i fylket. I 2011 var sysselsettinga på 16,6 prosent, eller 21 366 sysselsette personar. Berre Rogaland og Hordaland hadde fleire industriarbeidsplassar enn Møre og Romsdal, målt i absolutte tal.

I 2011 var det 229 312 sysselsette i industrien i Noreg, noko som svarar til 9 prosent av alle arbeidsplassane i landet. Talet på industriarbeidsplassar har gått jamt nedover dei siste åra. Frå 2009 til 2011 vart det 627 færre sysselsette i industrien i Møre og Romsdal, noko som gir ein nedgang på 2,9 prosent. Dette er ein svakare nedgang enn den vi har hatt for landet elles, kor endringa var på 4,3 prosent eller 10 271 færre sysselsette. Det var tilbakegang i alle fylka i perioden 2009-2011, med unntak av Troms og Buskerud. Størst relativ tilbakegang var det i Hordaland og Rogaland.

Det er store variasjonar i industrisysselsettinga mellom kommunane i Møre og Romsdal. Som i 2010 toppar Haram statistikken, med ei sysselsetting i industrien på 47 prosent. Den relative sysselsettinga i industrien var også høg i Sykkylven og Ulstein, begge over 40 prosent. Lågast sysselsetting i industrien var det i Norddal.

I absolutte tal er sysselsettinga i industrien høgast i Ålesund, med 2 174 personar. Deretter følgjer Ulstein og Haram. Sunndal, som er ein tradisjonsrik industrikommune, har tre gonger høgare sysselsetting i industrien enn landet elles, men har færre industriarbeidsplassar enn dei nemnde kommunane.

I 29 kommunar i fylket utgjer industrien ein større del av sysselsettinga enn landsgjennomsnittet. I ni kommunar er meir enn kvar 4. arbeidsplass i industrien, noko som viser at mange av lokalsamfunna i fylket er svært avhengige av den industrielle verksemda.

Relativ del industriarbeidsplassar av alle arbeidsplassar 2011

Last ned

Relativ del industriarbeidsplasar av alle arbeidsplassar 2009 og 2011

Last ned