Likestilling – framleis ein veg å gå

Likestilling – framleis ein veg å gå

Indikatorane for kjønnslikestilling gir kommunane og fylka samanliknbar skår blant 12 ulike indikatorar.

Samanlikna med dei andre fylka, er Møre og Romsdal blant dei som skårar lågast på åtte av indikatorane. Som dei andre vestlandsfylka, skårar Møre og Romsdal lågt på deltidsindikatoren, noko som betyr at ein høg del kvinner arbeider deltid. Få fylke har ein mindre kjønnsbalansert næringsstruktur, relativt få arbeider altså i ei næring som verken er manns- eller kvinnedominert, og det er få fylke som har ei skeivare kjønnsfordeling i privat sektor.

Samtidig er Møre og Romsdal blant dei beste i klassen når det gjeld del barn i barnehagen og del fedre som tek ut fedrekvoten eller meir av foreldrepengeperioden.

Molde kommune har jamt over høg skår på fleire av likestillingsindikatorane. Kommunen skil seg dessutan ut ved å ha nærast like mange menn som kvinner blant kommunestyrerepresentantane. Også Ålesund og Stranda har høg skår på fleire av indikatorane. Stranda kommune er, saman med Stordal, den kommunen med flest fedre som tek ut fedrekvoten eller meir av foreldrepengeperioden.

Sandøy kommune har jamt over låg skår på nesten alle likestillingsindikatorane. Sandøy er den kommunen i fylket med høgast del kvinner som arbeider deltid. Ingen har skeivare kjønnsbalansert næringsstruktur. Det vil seie at relativt mange arbeider i ei næring som anten er manns- eller kvinnedominert. Også Vanylven og Nesset har låg skår på fleire av indikatorane. Nesset er den kommunen i fylket med størst forskjell mellom kvinner og menns utdanningsnivå (fleire kvinner enn menn har høgare utdanning) og som har skeivast kjønnsbalanse innan offentleg sektor (fleire kvinner enn menn er sysselsette i sektoren).

Likestilling – skår per indikator1, Møre og Romsdal fylke 2010

Last ned

Kjønnsdelt arbeidsmarknad - Møre og Romsdal 2011 i prosent

Last ned