Landbruk

Landbruk

Store strukturendringar i landbruket

Frå 1979 til 2011 gjekk talet på gardsbruk ned med 7 075 i Møre og Romsdal. Det vil seie at om lag 7 av 10 gardsbruk er lagt ned som eiga eining i fylket i denne perioden. Samtidig er berre eitt av fire mjølkebruk att.

Frå år 2000 har tal gardsbruk i drift i Møre og Romsdal gått ned med 37 prosent (i landet 31 prosent), og talet på bruk med mjølkeproduksjon er halvert. Samtidig er mykje av vareproduksjonen halden oppe og mykje av den dyrka jorda på dei nedlagde gardsbruka er tatt i bruk som leigejord. Åtte prosent av jordbruksarealet i fylket har gått ut av drift sidan 1999.
Møre og Romsdal er blant fylka med mest oppdelte driftseiningar. Topografien gjer at mange gardsbruk er naturleg oppdelte i fleire jordstykke, og den store delen av leigejord gjer at driftseiningane i dag består av eit stort tal jordstykke, ofte med store avstandar mellom jord og driftssenter.

Gjennomsnittleg jordbruksareal per jordbruksbedrift auka frå 50 dekar i 1959 til 212 dekar i 2009. For Møre og Romsdal auka arealet frå 37,3 til 181,0 dekar i same periode.

Stor verdiskaping i landbruket

Møre og Romsdal er eit grasfylke. Grovfôrkrevjande husdyrproduksjonar står for 91 prosent av omsetninga, 92 prosent av verdiskapinga og 93 prosent av sysselsettinga i jordbruket i Møre og Romsdal. Totalt utgjer verdiskapinga1 frå landbruket i fylket om lag 728 millionar kroner målt som nettoprodukt frå jordbruk og hagebruk (skogbruk er ikkje med her). Verdiskapinga i landbruket var størst i Fræna – med om lag 71 millionar kroner, følgt av Surnadal med 47 millionar kroner og Ørsta med 44 millionar kroner.

Fleire kvinnelege landbrukarar

Gjennomsnittsalderen for brukarane i Møre og Romsdal er 51 år. Nærare 60 prosent er i aldersgruppene 40-49 og 50-59 år. 20 prosent av brukarane er over 62 år.

Frå 1989 til 2011 har talet på kvinnelege brukarar i fylket gått opp frå 8,6 til 15,3 prosent. Det er fleire kvinnelege brukarar på dei mindre gardane enn på dei store. I 2010 var om lag 40 prosent av dei som tok over gardsbruk i samband med eigedomsoverdragingar, kvinner. Dette talet har vore stabilt over tid i Møre og Romsdal, og er på same nivå som i resten av landet.

Gardsbruk og jordbruksareal i drift i Møre og Romsdal

Last ned

Verdiskaping i jordbruk og hagebruk 2010, fordelt på kommune i mill. kroner

Last ned

Areal disponert, eige, leige og sum

Last ned

Gardsbruk etter tal jordstykke, prosentvis fordeling per eining

Last ned

Kjønns- og aldersfordeling enkeltpersons­føretak i landbruket i Møre og Romsdal 2010

Last ned