Innvandrarane stod for 99,8 prosent av veksten i sysselsettinga

Innvandrarane stod for 99,8 prosent av veksten i sysselsettinga

Ved årsskiftet var det 12 323 yrkesaktive1 innvandrarar i Møre og Romsdal. Dette er ein auke på 1 642 personar får året før, og svarar til ei endring på 1 prosent. I 2011 auka det samla talet på yrkesaktive med 1 645 personar. Det betyr at innvandrarane stod for 99,8 prosent av veksten i sysselsettinga i fjor.

Prosentdelen sysselsette innvandrarar i Noreg var i 2011 på 62,8 prosent. I Møre og Romsdal var den på same tid 69,4 prosent, ein auke frå 68,4 året før. Sysselsettinga i heile befolkninga var på same tid 71,1 prosent, mot 69,1 prosent for landet. Både i befolkninga generelt og blant innvandrarane spesielt var delen yrkesaktive høgare i Møre og Romsdal enn i landet elles. Dette var situasjonen også i 2010.

Berre Sogn og Fjordane og Rogaland hadde fleire yrkesaktive innvandrarar enn Møre og Romsdal i 2011, begge med ei sysselsetting på om lag 70 prosent. Lågast del sysselsetting blant innvandrarane var det i Østfold og Telemark.

Målt i prosent av alle sysselsette etter bustad, hadde Sande kommune den høgaste delen av yrkesaktive innvandrarar i 2011, med 17,6 prosent. Deretter følgjer Stordal og Ulstein kommunar. Også i mange andre kommunar er delen yrkesaktive innvandrarar stor. Dette heng sterkt saman med næringsstrukturen i desse kommunane. I absolutte tal var det flest yrkesaktive innvandrarar i Ålesund, Molde og Kristiansund.

3 188 sysselsette på korttidsopphald

Av 3 188 lønnsmottakarar på korttidsopphald1 i 2011, var 1 174 personar frå Polen. Dette svarar til 36,8 prosent av alle sysselsette på korttidsopphald førre året. I alt kom 2 133 personar frå EU-land i Aust-Europa. Den nest største gruppa kom frå Norden elles. I alt kom 85,2 prosent av lønnsmottakarane på korttidsopphald anten frå Norden eller Aust-Europa.

I Noreg var det om lag 71 000 sysselsette på korttidsopphald førre året. Av desse kom 24 200 frå EU-land i Aust-Europa, og nærare halvparten av desse igjen kom frå Polen. I alt var 74,1 prosent av dei sysselsette på korttidsopphald anten frå Norden eller Aust-Europa.

Oslo var fylket med flest sysselsette på korttidsopphald i 2011. Deretter følgjer Rogaland og Akershus. Møre og Romsdal var på ein 6. plass mellom fylka, med sine 3 188 sysselsette på korttidsopphald.

1) Sysselsette på korttidsopphald omfattar personar som ein forventar skal opphalde seg under 6 månader i Noreg. Det gjeld mellom anna personar som pendlar til arbeid i Noreg for lengre eller kortare periodar. Sjølv om ein person berre er i Noreg på korttidsopphald, kan han eller ho arbeide i Noreg i fleire år.

Arbeid og familie vanlegaste grunn til innvandring

I alt var det 17 045 busette innvandrarar i Møre og Romsdal i 2011, om lag 4 prosent av alle innvandrarane i Noreg.

Om lag 95 prosent av innvandrarane kom til fylket på grunn av anten arbeid, familie eller flukt. Medan arbeid og familie var dei to viktigaste grunnane, om lag 40 prosent kvar, kom 15 prosent til fylket av fluktgrunnar.

Dette var også dei tre viktigaste årsakene for landet sett under eitt. 40 prosent innvandra på grunn av familie, 30 prosent kom på grunn av arbeid, medan 23 prosent har kome til landet av fluktgrunnar.

Sysselsetting i innvandrarbefolkninga (15-74 år) i prosent av personar i alt 2011

Last ned

Sysselsette innvandrarar 15-74 år, 2011

Last ned

Sysselsette etter bustadsfylke. Absolutte tal og i prosent av personer i alt 15-74 år 2010 og 2011

Last ned

Sysselsette på korttidsopphald etter arbeidsstad og landbakgrunn 2011 (registerbasert)

Last ned

Innvandringar til Møre og Romsdal 1990-2011 etter innvandringsgrunn

Last ned