Høg deltaking i arbeidslivet

Høg deltaking i arbeidslivet

I 2011 var det 187 921 personar mellom 15 og 74 år i Møre og Romsdal. Av desse var 133 446 yrkesaktive. Dette svarar til ei sysselsetting på 71 prosent og er 0,2 prosentpoeng lågare enn året før.

I absolutte tal var det ein auke i talet på yrkesaktive på 1 645 personar frå 2010 til 2011. At den relative sysselsettinga gjekk tilbake kan forklarast med at folketalsauken er større enn auken i talet på yrkesaktive.

Delen av yrkesaktive i befolkninga auka i alle fylka i 2011, men det var berre Rogaland og Sogn og Fjordane som hadde fleire yrkesaktive i befolkninga enn Møre og Romsdal. Gjennomsnittet for landet var 69,1 prosent.

I 2011 var 68,2 prosent av kvinnene i Møre og Romsdal yrkesaktive. For menn var delen 73,8 prosent. Dette er ein auke for begge kjønn frå året før. Samanlikna med landet elles er sysselsettingsprosenten i Møre og Romsdal klart høgare for både menn og kvinner. I Noreg var den 66,4 prosent for kvinner og 71,7 prosent for menn.

Både i absolutte og relative tal er det klart fleire menn enn kvinner blant arbeidstakarane, både i Møre og Romsdal og i Noreg. I 2011 var 53,5 prosent av dei yrkesaktive i Møre og Romsdal menn, i landet sett under eitt var 52,8 prosent menn.

Yrkesdeltaking i arbeidslivet (15-74 år) etter fylke og kjønn

Last ned