Framleis fleire arbeidstakarar enn arbeidsplassar

Framleis fleire arbeidstakarar enn arbeidsplassar

Arbeidsplassdekninga i Møre og Romsdal var i 2011 på 96,3 prosent. Dette er om lag som året før og betyr at fylket hadde færre arbeidsplassar enn arbeidstakarar.

Blant fylka var det tre som har fleire arbeidsplassar enn arbeidstakarar. Oslo var fylket med flest arbeidsplassar, størst arbeidsplassoverskot og med ei arbeidsplassdekning på 132,1 prosent. Deretter følgjer Sør-Trøndelag og Vest-Agder, begge med om lag like mange arbeidsplassar som arbeidstakarar. I botn låg Akershus med eit underskot på 35 402 arbeidsplassar, som gav ei arbeidsplassdekning på 87,7 prosent. Som i 2010 plasserer Møre og Romsdal seg på ein 9. plass mellom fylka.

Molde og Ulstein kommunar hadde det største overskotet av arbeidsplassar i fylket førre året, høvesvis 123,9 prosent og 123,8 prosent. Dette er same plasseringa som i 2010. Det er Skodje og Sula som har lågast arbeidsplassdekning. Også dette er same plassering som året før.

I alt var det fem kommunar som hadde fleire arbeidsplassar enn arbeidstakarar. Etter Molde og Ulstein følgjer Ålesund, Stordal og Sunndal. Ni kommunar hadde ei arbeidsplassdekning som var høgare enn fylket elles.

Gjennomsnittsalder og del sysselsette 2011

Last ned

Sysselsette personar etter arbeidsstad, arbeidstid og kjønn 2011

Last ned

Sysselsette personar etter arbeidsstad 2011

Last ned