Fleire menn enn kvinner, høgare gjennomsnittsalder og fleire på deltid

Fleire menn enn kvinner, høgare gjennomsnittsalder og fleire på deltid

68 710 menn og 59 762 kvinner hadde sin arbeidsstad i Møre og Romsdal i 2011. Den relative fordelinga mellom kjønna var høvesvis 53,5 prosent menn og 46,5 prosent kvinner. Til samanlikning var den relative delen i landet 52,8 prosent menn og 47,2 prosent kvinner.

Gjennomsnittsalderen blant dei sysselsette i fylket var 42,3 år. Blant menn var den 42,6 år og blant kvinner 42,1 år. Dette er høgare enn for landet elles, kor gjennomsnittsalderen var på 41,8 år for menn og 41,1 år for kvinner.

Av dei sysselsette var 63 prosent mellom 25 og 54 år, i landet var den tilsvarande delen 65,8 prosent. Samanlikna med landet elles var ein høgare del av dei sysselsette i aldersgruppene 55-66 år og 67-74 år; 23,4 prosent i Møre og Romsdal mot 20,5 prosent i landet elles.

Meir enn 2 av 3 av dei som hadde sin arbeidsstad i Møre og Romsdal i 2011 arbeidde heiltid, medan 28,8 prosent jobba kort eller lang deltid. For landet elles var denne delen på 27,6 prosent. Meir enn dobbelt så mange kvinner som menn i fylket arbeidde deltid i 2011 – 25 700 kvinner og 11 200 menn. Blant mennene var det 16,3 prosent som jobba deltid, medan 43,1 prosent av kvinnene gjorde det same. I Noreg var det på same tid 17,4 prosent menn og 39 prosent kvinner som jobba deltid.

Gjennomsnittsalder og del sysselsette 2011

Last ned

Sysselsette personar etter arbeidsstad, arbeidstid og kjønn 2011

Last ned

Sysselsette personar etter arbeidsstad 2011

Last ned