Fiskeri

Fiskeri

Stabilt tal på konsesjonar for matfisk, stamfisk og FoU

Innan lakseoppdrett er det tre store selskap i fylket. Gjennom oppkjøp av konsesjonar har det blitt færre mellomstore og små selskap. Møre og Romsdal har nest flest settefiskkonsesjonar etter Hordaland, og er på tredjeplass i talet på matfiskkonsesjonar, etter Nordland og Hordaland. Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag har flest stamfiskkonsesjonar i landet. Det er framleis ingen visningskonsesjonar i Møre og Romsdal. Talet på skalldyrløyver og torskeløyver har gått ned. Talet på konsesjonar for matfisk, stamfisk og FoU er stabilt, medan det er tildelt ein ny settefiskkonsesjon i 2011.

689 fiskefartøy i Møre og Romsdal

Fiskeflåten i fylket er blant dei fremste i verda og har den mest allsidige og moderne fartøystrukturen. I 2011 var det registrert 689 fiskefartøy frå Møre og Romsdal. Dette er ein tilbakegang frå året før.

I 2011 var det i Møre og Romsdal registrert 2289 fiskarar som har fiske som hovudyrke. Dette er ein liten auke frå året før. I tillegg var det registrert 346 fiskarar som har fiske som attåtnæring.

Det var tilsettingsvekst innan havbruk frå året før. Medan talet på mannlege tilsette har auka med om lag 5 prosent, er det blitt om lag 10 prosent færre kvinnelege tilsette.

Fangst etter fangstår og fiskesort, landa i Møre og Romsdal 2008 - 2011

Last ned

Fangst etter landingsfylke, 2011

Last ned

Tal konsesjonar laks, regnbogeaure og ørret, 2011

Last ned

Fangstverdi og ilandføringskommune i Møre og Romsdal, 2011

Last ned