Dei fleste nye føretak er utan tilsette

Dei fleste nye føretak er utan tilsette

Totalt 1 744 nyetableringar vart registrert i Møre og Romsdal i 2011, 3,9 prosent færre enn året før. I landet var auken på 1 prosent. 41 prosent av nyetableringane i fjor fann stad anten i Ålesund, Molde eller Kristiansund.

I alt var 646 personar tilsett i dei nyetablerte føretaka. 1 551 av dei nyetablerte føretaka, eller nærare 90 prosent, var utan tilsette (sjølvstendig næringsdrivande). Tre føretak hadde mellom 20-49 tilsette. Flest føretak vart registrert innan omsetning og drift av fast eigedom, bygg- og anlegg, helsetenester og varehandel.

Etableringsgraden vert definert som del nyetableringar av alle føretak, og blir nytta til å samanlikne etableringsaktiviteten i ulike område. Etableringsgraden i Møre og Romsdal var i 2011 på 10,1 prosent. Dett er noko svakare enn for 2010, då etableringsgraden var på 10,9 prosent. For landet var etableringsgraden tilnærma uendra, 12,8 prosent i 2010 og 12,9 prosent i 2011.

Høgast etableringsgrad var det i Aukra kommune. Lågast var etableringsgraden i Midsund. I Møre og Romsdal var det to kommunar som hadde ein etableringsgrad lik eller større enn den nasjonale.

Dette var Aukra (14,5 %) og Vestnes (12,9 %). 16 kommunar hadde ein etableringsgrad større enn fylkesgjennomsnittet.

Målt i nyetableringar per 1 000 innbyggar var talet på føretak i Møre og Romsdal mindre enn for landet elles. Flest nyetableringar per 1 000 innbyggar var det i Vestnes. Færrast var det i Midsund.

Høg overlevingsgrad

Totalt vart det etablert om lag 1 650 føretak i Møre og Romsdal i 2004. Fem år seinare var nærare 630, eller 38 prosent, av føretaka framleis i drift. For landet var delen 31 prosent i same periode. Blant fylka var det berre Sogn og Fjordane som hadde høgare overlevingsgrad etter fem år enn Møre og Romsdal. Over 60 prosent av alle nyetablerte føretak i 2006 som framleis var i drift i 2009, var aksjeselskap.

Tal føretak, nyetableringar, etableringsgrad og tal føretak per 1000 personar. 2011

Last ned

Nyetablerte føretak i Møre og Romsdal i 2011 etter størrelsesgrupper

Last ned

Relativ del av nyetablerte føretak i drift 5 år etter oppstart (reg. i 2004)

Last ned