7 av 10 sysselsette i privat sektor

7 av 10 sysselsette i privat sektor

I 2011 var 70 prosent av alle arbeidsplassane i Møre og Romsdal i privat sektor og offentlege føretak1. Vidare var 20 prosent innan kommunal forvalting, 2 prosent i fylkeskommunal forvalting og 8 prosent i statleg forvalting.

Med 1 av 7 arbeidsplassar i privat sektor, er det berre fem andre fylke som har høgare sysselsetting innan denne sektoren enn Møre og Romsdal. Over 80 prosent av arbeidsplassane i Ulstein og Sykkylven kommunar var innan privat sektor. I ytterlegare 6 kommunar var sysselsettinga i denne sektoren over 75 prosent. Lågast sysselsetting i privat sektor hadde Volda og Tingvoll kommunar.

Frå 2009 til 2011 auka sysselsettinga i fylket innan statleg-, fylkeskommunal og kommunal sektor. Flest nye arbeidsplassar kom til innan kommunal forvalting. Høgast del sysselsetting i kommunal sektor i 2011 var det i Nesset, med 37 prosent. Deretter følgjer Midsund og Tingvoll kommunar. Lågast sysselsetting i kommunal sektor hadde kommunane Ulstein og Ålesund.

Den fylkeskommunale sysselsettinga var størst i Molde. Relativt var den like stor i Tingvoll og Molde kommunar. To kommunar hadde ingen sysselsetting i denne sektoren – Stordal og Skodje.

Samanlikna med landet elles er det færre arbeidsplassar innan statleg forvalting i Møre og Romsdal. Berre Rogaland har relativt færre statlege arbeidsplassar enn Møre og Romsdal. Auken i desse arbeidsplassane har dessutan vore svakare i Møre og Romsdal enn i landet elles. I absolutte tal var det flest sysselsett i statleg forvalting i Ålesund, med 3 721 personar. Deretter følgjer Molde og Kristiansund med til saman 3 800 personar. Relativt var det flest sysselsett i statleg forvalting i Volda, følgt av Molde og Ålesund.

Sysselsette personar etter arbeidsstad og sektor, 2011

Last ned

Del statlege arbeidsplassar av alle arbeidsplassar etter fylke 2011

Last ned

Fordelinga av arbeidsplassar etter sektor 2011

Last ned

Sysselsette personar etter arbeidsstad og næring 2011 i absolutte tal

Last ned

Sysselsette personar etter arbeidsstad og næring 2011 i prosent

Last ned