620 000 tonn sjømat eksportert

620 000 tonn sjømat eksportert

Året rundt eksporterer Noreg kvar dag 32 millionar sjømatmåltid ut i verda. Den norske sjømateksporten var i 2011 på 52 milliardar kroner, omlag 1 prosent lågare enn rekordåret 2010. Møre og Romsdal eksporterte i 2011 sjømat for 16,3 milliardar kroner, i alt om lag 620 000 tonn.
2011 har vore historisk, med eksport av villfanga fisk til ein eksportverdi på 21,9 milliardar kroner – aldri før er det blitt eksportert meir sjømat frå den tradisjonelle fiskerinæringa i Noreg.

Havbruksnæringa eksporterte sjømat for 31 milliardar kroner i 2011, noko som er ein tilbakegang på 2,3 milliardar kroner samanlikna med 2010.

Møre og Romsdal sakkar akterut på laks. Salsverdien på oppdrettslaks har gått ned med omlag 230 millionar kroner på eitt år i Møre og Romsdal, medan verdien har auka med 381 millionar kroner i Sør-Trøndelag.

Møre og Romsdal er det 4. største fylket når det gjeld mengde oppdrett av laks og regnbogeaure. Sør-Trøndelag har i 2011 gått forbi oss både i mengde fisk produsert og forteneste Møre og Romsdal er nest størst på regnbogeaure med ein verdi på 314 millionar kroner i 2011.

Over 150 land importerer sjømat frå Noreg. Størsteparten av eksporten går til Danmark, Russland, Frankrike og Japan. Fiskeria er aukande og er ei viktig kystnæring for Noreg. Totalt landa kvantum villfisk i Møre og Romsdal i 2011 var nesten 538.000 tonn til ein verdi på 4,6 milliardar kroner, noko som utgjorde 22 prosent av førstehandsverdien på landsbasis. Heile 95 prosent av norsk klippfisk blir produsert i fylket, til ein verdi av om lag 3 milliardar kroner.

Fiskeoljebedriftene i Møre og Romsdal er verdsleiande på sitt område, og står for nærmare 40 prosent av verdas produksjon av dei viktige langkjeda, fleirumetta omega-3 feittsyrene frå fiskeolje til menneskeleg konsum. Dei er internasjonalt orienterte, og har ein betydeleg grad av eksport.

Sal av oppdretta fisk og skalldyr 2011

Last ned

Sal av laks og regnbogeaure i Møre og Romsdal i 1000 kr

Last ned

Sysselsettinga i havbruk og tal fiskarar (hovudyrke) i Møre og Romsdal

Last ned

Registrerte fiskefartøy i Møre og Romsdal i perioden 1995 - 2011 etter lengde

Last ned