1700 nye arbeidsplassar i 2011

1700 nye arbeidsplassar i 2011

I alt var det 128 472 arbeidsplassar i Møre og Romsdal i 2011, ein auke på 1 707 frå året før eller 1,3 prosent. I Noreg auka talet på arbeidsplassar med 1,8 prosent.

Klart flest arbeidde innan helse- og sosialtenester i 2011; 20,5 prosent eller 1 av 5 sysselsette. Industrien var den nest største næringa i fylket, med ei sysselsetting på 16,6 prosent. Den tredje største var varehandel, med 13,3 prosent. Over 50 prosent var sysselsett i ein av desse næringane i Møre og Romsdal. Dette var også dei største næringane i landet, men med ei noko anna rekkefølgje: helse- og sosialtenester, varehandel og industri. Om lag 43 prosent var sysselsett i desse næringane i Noreg i 2011.

Helse- og sosialtenester, industri og varehandel var også dei største næringane i fylket i 2010. I absolutte tal har sysselsettinga auka innanfor industri og helse- og sosialtenester, medan den har gått litt tilbake i varehandelen.

I 24 kommunar var helse- og sosialtenester den største næringa i 2011. Klart størst sysselsetting i næringa var det i Volda, både i absolutte tal og relativt. Deretter følgjer Vestnes og Ørskog. I 10 kommunar dominerte industrien, og i ein kommune var varehandelen den største næringa. Dei største industrikommunane var Haram, Sykkylven og Ulstein. Alle med over 40 prosent sysselsetting i næringa. I Rauma var varehandelen den største næringa, tett følgt av helse- og sosialtenester.

Sysselsettinga i Kristiansund, Molde og Ålesund ber preg av at kommunane har andre typar arbeidsplassar enn kva mange av dei andre kommunane i fylket har. Byane har ei noko høgare sysselsetting i sørvisnæringane.

Molde skil seg frå dei to andre med å ha ei høgare sysselsetting i industrien og i offentleg administrasjon. Delen sysselsette innan finansiering og forsking i Ålesund var dobbelt så stor som både fylkesgjennomsnittet og sysselsettinga i denne næringa i dei to andre byane i 2011. I Kristiansund var 10 prosent sysselsett innan transport og lagring.

Næringsstruktur Møre og Romsdal og landet i 2011 i prosent

Last ned

Sysselsette 2011 og endringar frå 2010, etter utvalde næringar og arbeidsstad

Last ned