Kultur i Møre og Romsdal

Kultur i Møre og Romsdal

26,3 millionar til kulturinstitusjonar i fylket

I 2012 har fylkeskommunen gitt nærare 26,3 millionar kroner i tilskot til dei største kulturinstitusjonane i fylket. I perioden 2008-2012 har det samla tilskotet vore på 116,4 millionar kroner. Sunnmøre Museum, Teatret Vårt og Nordmøre Museum er dei institusjonane som har fått mest tilskot i perioden, over 50 prosent av tilskotsmidlane.

40 000 kulturbillettar til ungdom

I Møre og Romsdal kan ungdom mellom 15 og 20 år delta på kulturarrangement med ein rabatt på 25-50 prosent. Målet er å gje ungdom tilgang til kultur- og kunstopplevingar, og i 2011 vart det refundert 40 000 billettar til ein verdi av 1,35 millionar kroner. Ordninga omfatta i 2011 29 arrangement, fem fleire enn året før.

87 produksjonar på turne

Kultursekken sendte i alt 87 produksjonar på turne i 2011. I alt vart det levert 180 000 billettar i Kultursekken. Dette er ein auke både på tal produksjonar og billettar frå året før. I perioden 2007-2011 har om lag 450 produksjonar og 1 000 profesjonelle kunstnarar vore på turné for Kultursekken, og det er levert nærare 900 000 billettar.

48,2 millionar kroner i spelemidlar

I 2012 vart det gitt tilsegn på spelemidlar på over 48,2 millionar kroner. Dette er ein auke på nesten 4 millionar kroner frå 2011. Det vart registrert 202 søknader til desse midlane. 73 vart tilrådd.
Nærmare 44 millionar kroner gjekk til det som er kalla ordinære anlegg. I alt var det søkt om 210 millionar kroner til slike anlegg, noko som gav ein dekningsprosent på 21. For nærmiljøanlegg var dekningsprosenten på 52.

Tilskot til dei største kulturinstitusjonane i fylket

Last ned

Kultursekken

Last ned

Kulturrabatt

Last ned

Prosentvis tilsegn til dei særskilte anleggs­kategoriane. Møre og Romsdal

Last ned

Spelemiddeltildeling Møre og Romsdal 2012

Last ned