Fleire utlån og besøkande

Fleire utlån og besøkande

Folkebiblioteka i Møre og Romsdal registrerte 1 090 000 utlån i 2011. Dette er ein auke på 23 000 eller 2,2 prosent i høve 2010. Det vart også registrert 829 000 besøk, mot 779 000 i 2010. Utlån til barn var 514 000. Dette er 23 000 eller 4,7 prosent fleire enn i 2010.

Det er ein generell tendens over heile landet at utlånet går svakt ned. I Møre og Romsdal har utlånet vore stabilt på over 1 070 000 utlån på heile 2000-talet, med unntak av 2010.

Stordal folkebibliotek forsvarer utlånstoppen, med 7,9 utlån per innbyggar i 2011. Deretter kjem Sandøy med 7,8. Begge desse er kombinasjonsbibliotek med skule, og vil difor ha eit høgare utlånstal. Norddal med 6,9 og Haram med 6,1 utlån per innbyggar er høgst av dei som er ”reine” folkebibliotek. Også biblioteka i Skodje, Gjemnes og Volda kan vise til stor auke i utlån, medan Nesset, Midsund og Ørskog har ein nedgang i utlånet på meir enn 20 prosent kvar.

Utlånet av bøker per innbyggar går ned, og det er utlån av fagbøker for både vaksne og barn som går ned. Utlånet av skjønnlitteratur er meir stabilt og aukar også i fleire kommunar. Dette har vore ein tendens her i fylket òg, med unntak for 2010. I 2011 er utlånet av skjønnlitteratur på nivå med 2009. Nedgangen i utlån av faglitteratur er i 2011 mindre enn tidlegare år. Dette gjer at utlånet av bøker er 13 000 (1,6 %) fleire enn i 2010.

Frå folkebiblioteka vart det lånt ut 514 000 bøker/lydbøker til barn og 263 000 frå skulebiblioteka. Kvart barn under 15 år i Møre og Romsdal lånte i gjennomsnitt 16 bøker. Det er Ørskog, tett følgt av Sunndal, som har dei mestlesande barna. Kvart barn i Ørskog og Sunndal lånte i gjennomsnitt 26 bøker i året.

Mange av folkebiblioteka i Møre og Romsdal er små. I 23 kommunar er stillingsressursen i folkebiblioteket mindre enn 2 stillingar, og i 9 kommunar er ressursen mindre enn ei stilling.

Utlån frå folkebiblioteka i 2011

Last ned