Ventar sterk auke i forsørgarbyrda

Ventar sterk auke i forsørgarbyrda

Tal for Møre og Romsdal i 2012 viser ei forsørgarbyrde1 på 24,3, medan snittet for landet er 21,2. Det vil seie at det i fylket er om lag 24 personar i aldersgruppa 67 år og eldre per 100 personar i aldersgruppa 20-66 år (yrkesaktiv alder). Befolkningsframskrivingane frå Statistisk Sentralbyrå (SSB) etter middelalternativet2 gir ei større forsørgarbyrde i framtida, både for fylket og landet sett under eitt. For Møre og Romsdal er forsørgarbyrda i år 2030 berekna til 34,8 og tilsvarande tal for landet er berekna til 29,3.

Av kommunane i fylket har Rindal og Halsa den høgaste forsørgarbyrda per i dag, med om lag 35 personar i aldersgruppa 67 år og eldre per 100 personar i yrkesaktiv alder. Den lågaste forsørgarbyrda finn vi i Skodje, Ulstein og Ålesund, som er dei einaste kommunane i fylket som har ei forsørgarbyrde lågare enn snittet for landet. Alle kommunane i fylket med unntak av Stordal er venta å få ei auka forsørgarbyrde i dei neste ti åra. Om ti år er det venta at kommunane Vanylven, Halsa og Gjemnes vil få den største delen eldre i høve til personar i yrkesaktiv alder.

Hovudårsaka til den auka forsørgarbyrda i fylket dei neste ti åra er ein sterk auke i talet på eldre mellom 67 og 79 år. Denne gruppa vil i følge framskrivingane til SSB auke med 49 prosent i Møre og Romsdal i løpet av dei neste ti åra. Talet på personar 80 år og eldre vil i same periode berre auke med 2 prosent.

Når det gjeld bruk av pleie- og omsorgstenester, viser tala at 83 prosent av dei eldste eldre i fylket, det vil seie personar som er 90 år eller eldre, tok imot hjelp frå pleie- og omsorgstenestene i 2011. Hjelpa kom i form av tenester i heimen, eller i form av ein institusjonsplass over kortare eller lengre tid. I gruppa 80-89 år var det 43 prosent som var brukarar av omsorgstenestene, medan berre 10 prosent av eldre i gruppa 67-79 år tok imot tilsvarande hjelp.

Ein låg del av dei under 67 år tok imot pleie- og omsorgstenester, men det har i dei seinare åra blitt stadig fleire yngre brukarar av slike tenester. Samanlikna med landet sett under eitt, er delen som tok imot omsorgstenester litt høgare for alle aldersgrupper i Møre og Romsdal i 2011.

Det er relativt store forskjellar mellom kommunane i fylket når det gjeld delen av innbyggarar 80 år og over som er mottakarar av heimetenester eller bur på institusjon. På topp i del som tar imot heimetenester ligg Ørskog, med 55,6 prosent, og Smøla, med 50 prosent. Lågaste del er i Nesset, der 24,5 prosent av dei 80 år og over tok i mot heimetenester i 2011. Halsa og Nesset er kommunane i fylket som har den høgaste delen som bur på institusjon, der er om lag 23 prosent av eldre 80 år og over bebuar på institusjon. I Sula, Giske og Sykkylven bur under 10 prosent av innbyggarane 80 år og eldre på institusjon.

I Møre og Romsdal er det 19,2 kommunale plassar i institusjonar per 100 innbyggarar 80 år og eldre. Dette er ein litt høgare del plassar enn i landet sett under eitt, der talet er 18,6. Kommunane Sula, Sykkylven og Giske skil seg også her ut, med eit relativt lågt tal institusjonsplassar i høve til talet på eldre. Alle desse tre kommunane har mindre enn 10 kommunale plassar per 100 innbyggarar 80 år og eldre. Høgaste del plassar i høve til talet på eldre finn vi i Stordal kommune, som har 35,2 plassar per 100 innbyggarar 80 år og eldre.

Det var nær 7 950 årsverk innanfor pleie og omsorg i Møre og Romsdal ved utgangen av 2011, ein auke på 2,9 prosent frå året før. Nasjonalt var veksten i årsverk på 2,1 prosent. I fylket var det i snitt 58,5 årsverk per 100 innbyggarar 80 år og over, om lag same nivå som for landet sett under eitt. Vestnes skil seg ut, med klart flest årsverk samanlikna med talet på eldre i befolkninga, medan Hareid kommune har det lågaste talet.

Forsørgarbyrde for eldre. Talet på personar 67 år og eldre per 100 personar 20-66 år

Last ned

Forsørgarbyrde for eldre. Talet på personar 67 år og eldre per 100 personar 20-66 år. Møre og Romsdal og landet

Last ned

Bruk av pleie- og omsorgstjenester etter alder. Prosent 2011

Last ned

Nøkkeltal pleie- og omsorgssektoren 2011

Last ned