Styrkt helsestasjon og skulehelseteneste i 14 kommunar

Styrkt helsestasjon og skulehelseteneste i 14 kommunar

Helsestasjon og skulehelseteneste er ei lovpålagt oppgåve for kommunane, og målgruppa er alle barn og unge (0-20 år) og gravide som ønskjer svangerskapskontroll ved helsestasjon. Tenesta skal ivareta det heilskaplege førebyggande og helsefremmande arbeidet, ved å førebygge sjukdom og skade og fremme god psykisk og fysisk helse1.

KOSTRA-tal om kommunehelse viser mellom anna årsverk knytt til førebygging gjennom helsestasjon og skulehelseteneste. Av dei 36 kommunane i Møre og Romsdal har nær halvparten (17) redusert talet på årsverk for desse tenestene frå 2010 til 2011, medan 14 kommunar har styrkt tenestene. I 5 kommunar er tilbodet uendra når ein ser på talet på årsverk. Den største prosentvise styrkinga av tilbodet er gjort i Kristiansund kommune, med 40 prosent, og i Aukra kommune, med 39 prosent. Deretter følgjer Hareid, Sandøy, Stordal og Molde kommunar. Midsund, Averøy, Tingvoll, Fræna og Giske har størst reduksjon i tilbodet når ein ser på årsverk.

Ser ein på tilsvarande KOSTRA-tal for Nordland fylke, som består av 44 kommunar, er årsverk knytt til førebygging gjennom helsestasjon og skulehelseteneste redusert i 14 kommunar, styrkt i 17 kommunar og uendra i 13 kommunar. I Sogn og Fjordane er talet på årsverk styrkt i 14 av 26 kommunar.

Helsestasjon og skulehelseteneste i Møre og Romsdal

Last ned