Stabilt lågt omfang av lovbrot

Stabilt lågt omfang av lovbrot

I snitt vart det for 2010-2011 meldt 11 300 lovbrot i Møre og Romsdal. Av dette var 7 000 brotsverk og 4 300 regelbrot. Dette svarar til 44,7 lovbrot per 1 000 innbyggar, langt under snittet for landet, som er 76,5. Av fylka er det berre Sogn og Fjordane som har eit lågare omfang av lovbrot per innbyggar enn Møre og Romsdal. Som i tidlegare år har Oslo klart flest melde lovbrot, med 146,4 lovbrot per 1 000 innbyggar.

Av kommunane er det Molde og Ålesund som har det høgaste talet lovbrot i høve til innbyggartalet, med om lag 68 lovbrot per 1 000 innbyggar. I begge kommunane har talet på melde lovbrot gått litt opp sidan året før. Av bykommunane har Kristiansund det lågaste omfanget av lovbrot, med 63,4 melde lovbrot per 1 000 innbyggar. Andre kommunar som har eit høgare tal lovbrot per innbyggar enn snittet for fylket er Ørskog (54,2) og Sunndal (45,4). Som året før, er det Midsund som har færrast lovbrot av alle kommunane i fylket (11,7 per 1 000 innbyggar).

Det samla omfanget av melde lovbrot har gått ned i Møre og Romsdal sidan 2009, frå 45,8 lovbrot per 1 000 innbyggar til 44,7 i 2011. Dette er i tråd med utviklinga for Noreg sett under eitt. Størst nedgang har det vore i Ørskog og Sande, medan Ulstein og Hareid har hatt størst auke.

Ein tredjedel av alle lovbot i fylket (31 prosent) kjem under kategorien ”annen vinningskriminalitet”. Trafikkriminalitet er den nest største gruppa, på 23 prosent. Narkotikakriminalitet utgjer 12 prosent og voldskriminalitet 9 prosent av alle melde lovbrot.

I Sunnmøre politidistrikt vart det i 2011 meldt om 45,8 lovbrot per 1 000 innbyggar, medan tilsvarande tal for Nordmøre og Romsdal politidistrikt var 49,2. Samanlikna med året før, er dette ein auke for Sunnmøre og ein nedgang for Nordmøre og Romsdal. I perioden 2002 til 2011 har omfanget av melde lovbrot per innbyggar vore høgare i Nordmøre og Romsdal enn på Sunnmøre.

Meldte lovbrot per 1 000 innbyggarar i Møre og Romsdal. To års gjennomsnitt

Last ned