Mindre behov for behandling hos yngre pasientar

Mindre behov for behandling hos yngre pasientar

Dei siste 30 åra kan ein dokumentere ei betydeleg betring i tannhelsa. Sidan 70-talet har fluortannkremen vore i vanleg bruk i Noreg. Samtidig som fluortannkremen og fluorskylling vart vanleg, fekk alle barn og unge eit systematisk, offentleg tannhelsetilbod. Tannhelsa har særleg betra seg for dei kulla som var fødde tidleg på 70-talet. No har fleire barn og unge ingen eller få hol i tennene. Blant vaksne og eldre er det fleire som beheld eigne tenner og som klarer seg utan protesar. Betring i tannhelsa ser vi også ved at dei som får karies, får mindre karies enn tidlegare.

Også i den vaksne befolkninga er tannhelsa i betring. Halvparten av alle over 60 år i 1975 hadde ikkje eigne tenner. I 2002 hadde denne delen gått ned til vel 15 prosent, og halvparten hadde meir enn 20 eigne tenner i behald. Pasientar i institusjon og pasientar under tilsyn av heimesjukepleien har eit auka behandlingsbehov, som følgje av fleire tenner og utfordringar knytt til dagleg tilsyn. Tannbehandlinga for denne gruppa blir stadig meir kompleks, fordi dei eldre pasientane ofte har fleire sjukdommar samtidig som har innverknad også på tannhelsa.

Tannhelsa hos vaksne varierer fortsatt med utdanning, inntekt og funksjonsevne. Grupper med inntekt under 300 000 kr per år har dårlegare tannhelse og går sjeldnare til tannlegen enn grupper med høgare inntekt (SSB, Levekårsundersøkelsen 2008).

Prosentdel av årskullet som er undersøkt

Last ned