Kvar sjette 18-åring har aldri hatt hol i tennene

Kvar sjette 18-åring har aldri hatt hol i tennene

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvaret for den offentlege tannhelsetenesta (DOT) i fylket.
Den offentlege tannhelsetenesta skal yte hjelp til heile befolkninga som bur eller mellombels oppheld seg i fylket. Barn og ungdom 0-18 år, psykisk utviklingshemma, eldre og uføre i institusjon og heimesjukepleie får gratis tannhelsetenester. 19-20 åringar får tilbod om undersøking og tannbehandling til 25 prosent av offentlege takstar. DOT gir også tilbod om undersøking og tannbehandling for fengselsinnsette og personar i kommunal og statleg rusomsorg. Dei offentlege klinikkane gir også tilbod til vaksne betalande pasientar.

Den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal er organisert i 5 tannhelsedistrikt, med til saman 37 tannklinikkar og 190 tilsette i 34 av 36 kommunar i fylket.

Tannhelsetenesta undersøker ein stor del av 5-, 12- og 18-åringane i fylket. Det er desse kulla alle fylka nyttar for å registrere tannhelseutviklinga hos barn og ungdom. Utviklinga er positiv både nasjonalt og i Møre og Romsdal.

I 1985 hadde rundt 1 prosent av dei undersøkte 18-åringene aldri hatt hol i tennene. I dag er om lag kvar 6. , eller 18 prosent, i denne heldige situasjonen.

Kariesfrie 5-, 12- og 18-åringar i prosent. Møre og Romsdal

Last ned