6 av 10 i tettstader har trygg tilgang til nærturterreng

6 av 10 i tettstader har trygg tilgang til nærturterreng

I 2011 hadde om lag 44 prosent av alle busette i tettstad i Møre og Romsdal trygg tilgang til rekreasjonsareal, medan 57 prosent hadde trygg tilgang til nærturterreng. Dette er ein høgare del enn i landet elles, der 43 prosent hadde trygg tilgang til rekreasjonsareal, medan 44 prosent hadde trygg tilgang til nærturterreng. For gruppa barn og unge under 20 år er delen noko høgare, både regionalt og nasjonalt.

Blant fylka var det i Troms og Finnmark at størst del av alle busette hadde trygg tilgang til rekreasjonsareal og nærturterreng. Møre og Romsdal var på ein delt 6. plass blant fylka i høve til nærturterreng og ein delt 10. plass i høve til rekreasjonsareal.

Det er store skilnader i tilgangen til slike areal mellom kommunane. I Norddal, Sande, Sandøy og Aure hadde over 95 prosent av alle busette i tettstader trygg tilgang til nærturterreng. I Eide, Ålesund og Sula var det om lag 4 av 10 som hadde det same. Også når det gjeld trygg tilgang til rekreasjonsareal er det betydelege skilnader. I Sande, Surnadal, Sula, Skodje og Kristiansund kommunar hadde over 60 prosent av alle busette ein trygg tilgang til rekreasjonsareal. I Vanylven og Ørsta var den tilsvarande delen høvesvis 14 og 16 prosent.

Det er også store skilnader i tilgangen til nærturterreng og rekreasjonsareal mellom tettstadane i fylket. Nasjonalt er det ein tydeleg samanheng mellom tilgang og storleiken på tettstaden. Del busette med tilgang er mindre i dei større tettstadane. Dette biletet er ikkje eintydig i Møre og Romsdal.

I Møre og Romsdal er delen barn og unge som hadde trygg tilgang til rekreasjonsareal og nærturterreng 3-4 prosentpoeng høgare enn for befolkninga sett under eitt. Dette skuldast nok at ein høgare del av barn og unge bur nær rekreasjonsareal og nærturterreng og har tilgang langs gang- og sykkelvegar og lite trafikkerte vegar.

Busette i tettstadar med trygg tilgang til rekreasjonsareal og nærturterreng (prosent) 2011

Last ned

Busette i tettstadar med trygg tilgang til rekreasjonsareal og nærturterreng (prosent) 2011

Last ned