Eitt av landets fremste eksportfylke

Eitt av landets fremste eksportfylke

Med ein eksport av tradisjonelle varer til ein verdi av 32,7 milliardar kroner, var Møre og Romsdal landets tredje største eksportfylke i 2011. Eksporten frå fylket svara til 9,1 prosent av den nasjonale eksporten.

Som året før var det berre Hordaland og Rogaland som hadde større eksport enn Møre og Romsdal. Eksporten frå fastlands-Noreg enda på 360,3 milliardar kroner i 2011. Av dette eksporterte vestlandsfylka varer til ein verdi av kr 129,9 milliardar kroner, eller 36 prosent av den nasjonale eksporten.

Fisk og foredla varer utgjorde om lag 95 prosent av eksporten frå fylket i 2011. Verdien av eksportert sjømat var på 16,3 milliardar kroner, eller 50 prosent av den samla eksporten frå Møre og Romsdal. Eksportverdien på sjømat auka med nærare 1,1 milliardar kroner frå 2010 til 2011.

Som året før var Møre og Romsdal landets største sjømatfylke i 2011, framfor Hordaland og Nordland. Om lag kvar 3. krone av den samla nasjonale sjømateksporten kom frå Møre og Romsdal. Som i 2010 var dessutan verdien av sjømateksporten frå Møre og Romsdal større enn den samla verdien av sjømateksporten frå Hordaland og Nordland.

Det er årlege variasjonar i verdien av eksporten frå Møre og Romsdal, men trendlina er stigande, sjølv om eksporten i 2011 var noko mindre enn i 2010. Frå 2007 til 2011 auka verdien av eksporten frå fylket med 5,1 milliardar kroner. For landet var auken på 25,7 milliardar i same periode.

Ei samanstilling av eksportverdien i perioden januar-august 2011 og 2012, viser at verdien av eksporten frå fylket er redusert med om lag 1 milliard kroner eller 4,6 prosent. For landet auka verdien med 2,5 milliardar kroner eller 1,1 prosent i same periode. Møre og Romsdal synes samtidig å halde posisjonen som landets tredje største eksportfylke.

Eksport etter produksjonsfylke og varesektor. Tradisjonelle varer. Mill. kr.

Last ned

Eksport av tradisjonelle varer per fylke i perioden januar-august 2011-2012, i mill. kroner

Last ned

Eksport av sjømat etter fylke 2010 og 2011 i mill. kroner

Last ned