Ung befolkning i pendlarkommunane

Ung befolkning i pendlarkommunane

Gjennomsnittsalderen i befolkninga i Møre og Romsdal er 40,2 år. Dette er eitt år eldre enn i landet elles. Det er store skilnader mellom kommunane i fylket. Befolkninga er yngst i Skodje (37,3 år), følgt av Ulstein, Giske og Sula. Det er berre Ålesund blant dei tre større bykommunane som har ein gjennomsnittsalder i befolkninga som er lågare enn gjennomsnittet for fylket og landet.

Høgast er gjennomsnittsalderen i Halsa med 44,9 år. Dette er nærare 5 år høgare gjennomsnittsalder enn i fylket elles. Også Vanylven og Smøla er kommunar med høg gjennomsnittsalder. I alt er det 24 kommunar som har eit høgare aldersgjennomsnitt enn fylket elles. I 16 kommunar er gjennomsnittsalderen høgare enn 41 år. Høg gjennomsnittsalder heng i stor grad saman med at det er fleire eldre og relativt sett færre i yrkesaktiv alder i desse kommunane.

Samanlikna med landet har Møre og Romsdal noko fleire barn og unge i befolkninga. I 2011 var 25,3 prosent av befolkninga 19 år eller yngre, i landet var tilsvarande del 25 prosent. Giske, Skodje og Eide er kommunane med høgast del barn og unge i befolkninga. På same måte som at dette dreg ned aldersgjennomsnittet i enkelte kommunar, vil kommunar med relativt mange eldre få eit høgare aldersgjennomsnitt i befolkninga.

Førre året var om lag 16,5 prosent av befolkninga i Halsa og Rindal kommunar 70 år eller eldre. Også i kommunane Norddal, Vanylven, Sande og Smøla var delen høg og over 15 prosent. Samanlikna med landet har Møre og Romsdal fleire i denne aldersgruppa, høvesvis 11,7 prosent og 10,4 prosent. Berre 5 kommunar har relativt like mange eller færre over 70 år enn landet elles. I Skodje er delen på knappe 8,4 prosent. Deretter følgjer Ulstein, Giske, Ålesund og Fræna kommunar. Alle rundt 10 prosent.

Gjennomsnittsalderen i befolkninga 2012

Last ned

Befolkning etter aldersgrupper 2012

Last ned