Tettstad

Tettstad

7 av 10 bur i tettstader

Ved inngangen til 2012 var 256 628 personar busette i Møre og Romsdal. Av desse var 69,2 prosent busette i tettstader. Til samanlikning var 59,2 prosent av befolkninga busett i tettstader i 1992.

Nærare 75 prosent av folketalsveksten i fylket i 2011 kom i tettstadane. Per 1. januar 2012 var det 2 027 fleire busette i tettstadane enn året før, noko som svarar til ein auke på 1,2 prosent. Til samanlikning var folketalsauken i Møre og Romsdal på 1,1 prosent. Nasjonalt gjekk talet på busette i tettstadar opp med 1,5 prosent i løpet av 2011, medan den samla nasjonale folkeveksten var på 1,3 prosent. Det betyr at urbaniseringa både i Møre og Romsdal og for landet generelt, var noko sterkare enn folketalsveksten.

På grunn av den store folketalsauken i 2011, er det også ein auke i talet på busette i spreiddbygde strøk. I Møre og Romsdal var auken på 0,8 prosent førre året. Dette er ein noko sterkare vekst enn i landet elles, kor auken var på 0,4 prosent.

Det er få store tettstadar i Møre og Romsdal. Tre hadde fleire enn 15 000 innbyggarar ved inngangen til 2012. Ytterlegare tre hadde fleire enn 5 000 innbyggarar. Desse seks tettstadane hadde nærare 59 prosent av tettstadsbefolkninga, men berre 44 prosent av tettstadsarealet. Dette er også synleg ved at talet på innbyggarar per kvadratkilometer i desse tettstadane er høgare enn i dei andre tettstadane i fylket.

I Ålesund budde 95 prosent av innbyggarane i tettbygde strøk ved inngangen til 2012. Også i Sula og Molde kommunar var den relative delen høg – begge rundt 90 prosent. 15 kommunar hadde relativt fleire busett i spreiddbygde strøk enn i tettbygde strøk.

Halsa og Smøla er einaste kommunane i fylket utan tettstad.

Ved årsskiftet var det om lag like mange kvinner som menn i tettstadane. I meir spreiddbygde strøk var det fleire menn enn kvinner, høvesvis 52 prosent menn og 48 prosent kvinner.

Busette og areal i tettstader, etter størrelsesgruppe 2012

Last ned

Busett i tettstader av alle busette i kommunen 2012

Last ned

Tal personar i Møre og Romsdal etter tett- og spreidd busetting

Last ned

Busette i tettbygd / spreiddbygd strøk etter kjønn 1992 og 2012

Last ned