Positiv nettoinnvandring i alle kommunane

Positiv nettoinnvandring i alle kommunane

Heile 27 kommunar hadde overskot på nettoinnflyttinga i 2011. For å sjå på skilnader mellom kommunane kan ein dele flytting inn i to: flytting til og frå utlandet, og innanlandsk flytting.
Alle kommunane i fylket hadde positiv nettoinnvandring i 2011. I absolutte tal var den størst i Ålesund, følgt av Molde og Kristiansund. I prosent av folketalet var overskotet størst på Smøla, med 2,2 prosent, følgt av Sande og Ørskog. Meir enn halvparten av kommunane hadde nettoinnvandring på om lag ein prosent eller meir.

Folketalet voks i 28 av kommunane førre året, men utan innvandringsoverskotet ville folketalet ha gått tilbake i halvparten av desse. Det betyr at utan innvandringa ville folketalet gått ned i heile 22 av fylkets kommunar.

11 av kommunane hadde innanlandsk flytteoverskot i 2011. I absolutte tal var det størst i Skodje og Giske, til saman nærare 90 personar. I relative tal var overskotet størst i Ørskog og Rindal, med høvesvis 1,6 og 1,3 prosent. Dei 25 andre kommunane hadde innanlandsk flyttetap. Det flytta altså fleire ut til andre stader i Noreg enn det flytta inn til den enkelte kommune. Størst flyttetap hadde Sunndal, med 183 personar. I prosent var flyttetapet størst i Sande (sjå tabell side 5).

Blant kommunane var det 21 som hadde fødselsoverskot i 2011. Det vart altså fødd fleire enn det døydde. Tre av kommunane, Sykkylven, Eide og Rauma, hadde eit fødselsoverskot som var større enn den samla folketilveksten.

I Rindal kommune forklarar den innenlandske flyttegevinsten folketalsveksten i 2011.

Folketal 1. januar 2012 og endringar i året

Last ned

Endringar i folketalet siste året i prosent

Last ned

Folketalsutvikling i Møre og Romsdal etter type 2002-2012

Last ned

Fødselsoverskot og nettoflytting i prosent av folketalet i Møre og Romsdal 1951-2011

Last ned

Netto innanlandsk flytting til Møre og Romsdal 2011

Last ned