Over ein kvart million innbyggarar
Det var registrert 256 628 busette i Møre og Romsdal ved inngangen til 2012, 2724 fleire enn året før. Den relative folketalsauken i 2011 var på 1,1 prosent. Folketalet i Noreg auka med 1,3 prosent i same periode.
Relativt var folketalsauken sterkast i Ørskog kommune med 3,9 prosent. Sandøy hadde den sterkaste tilbakegangen. Målt i absolutte tal hadde Ålesund kommune den største folketalsauken (746) og Sunndal kommune det største folketapet.
Av folketalsauken i fylket førre året svarar nettoinnflyttinga til 76 prosent av veksten, medan fødselsoverskotet forklarar 24 prosent. Nettoinnvandringa i 2011 var på 2 832 personar. Dette er nærare 100 fleire enn året før og er den høgaste nettoinnvandringa som er registrert i Møre og Romsdal. Blant dei som innvandra til fylket i 2011 hadde over 50 prosent europeisk statsborgarskap. Heile 47 prosent kom frå Polen eller ein av dei baltiske statane.
Fødselsoverskotet varierer mykje frå år til år i Møre og Romsdal. I 2011 var det på 653. Dette er ein auke på nærare 100 frå året før. Fødselsoverskotet i 2011 var dermed også noko høgare enn gjennomsnittet (på 556) i perioden 2002-2011.
Per 1. juni 2012 var det registrert 258 096 busette i Møre og Romsdal. Dette er ein auke på 1 468 personar eller 0,6 prosent i løpet av første halvår. Dette er same veksten som i landet elles. Nettoinnflyttinga forklarar 81 prosent av veksten og fødselsoverskotet 19 prosent.
Sterkast har folketalsauken vore i Ørskog, med 2,1 prosent. 16 kommunar har hatt ein vekst lik eller større enn fylket elles, medan seks kommunar har hatt ein nedgang i folketalet i same periode. Størst nedgang finn vi i Sandøy kommune.