I fertilitetstoppen

I fertilitetstoppen

I 2011 vart det fødd 2 883 barn i Møre og Romsdal, dette er ein auke på 67 frå året før. Samstundes døydde 2 230 personar, 25 færre enn i 2010. Dette gir eit samla fødselsoverskot på 653, og er ein auke frå 2010. Fødselsoverskotet i 2011 var dermed også noko høgare enn gjennomsnittet på 556 i perioden 2002-2011.

I Møre og Romsdal var samla fertilitetstal for 2011 på 1,99 barn, i 2010 var talet 1,98. Dette var høgare enn i landet elles. I 2011 var fertilitetstalet i Noreg 1,88, mot 1,95 året før. Møre og Romsdal ligg saman med Nord-Trøndelag heilt i toppen mellom fylka når det gjeld samla fruktbarheit. Berre Sogn og Fjordane, Rogaland og Vest-Agder har høgare fertilitetstal.

For at storleiken på befolkninga skal halde seg på sikt, må samla fertilitetstal vere 2,06-2,07 barn per kvinne. Gjennomsnittleg samla fertilitetstal for Møre og Romsdal i perioden 2006-2010 var 2,0. Til samanlikning var landsgjennomsnittet i same periode 1,94.

Utviklinga i tal fødde viser at det blir fødd stadig færre barn i Møre og Romsdal. Trenden viser ein årleg nedgang. Siste 15 år er talet på fødde redusert med 6,1 prosent. Nedgangen heng først og fremst saman med at talet på kvinner i aldersgruppa 15-49 år går ned, då samla fertilitetstal har halde seg høvesvis jamt i denne perioden.

I bykommunane Ålesund, Molde og Kristiansund held fødselstala seg høvesvis jamt. Som i dei 10 føregåande åra, vart det i 2011 fødd om lag like mange barn i Ålesund, som i Molde og Kristiansund til saman. Unntaka var i 2003 og 2008.

Det var fødselsoverskot i 21 kommunar i fjor. Som året før var fødselsoverskotet størst i Ålesund. I høve til folketalet var det klårt størst i Sula.

15 kommunar hadde fødselsunderskot. Størst underskot var det i Aure og Vestnes. Blant kommunane med fødselsunderskot, var om lag halvparten nordmørskommunar.

Fødslar

Last ned

Fødselsoverskot i 2011

Last ned

Tal fødde per år i Møre og Romsdal fylke, og dei tre største byane

Last ned

Samla fruktbarheit

Last ned