Framleis innanlandsk flyttetap

Framleis innanlandsk flyttetap

Møre og Romsdal hadde, som dei andre fylka, eit overskot på nettoinnflyttinga i 2011. Åtte fylke hadde flyttevinst til andre fylke. Klart størst vinst hadde Akershus med 2 650. 11 fylke hadde flyttetap til andre fylke. Møre og Romsdal var blant fylka med størst innanlandsk flyttetap. Berre Nordland og Troms hadde større flyttetap enn Møre og Romsdal. Sett i høve til folketalet hadde Finnmark og Sogn og Fjordane det største innanlandske flyttetapet – som dei førre åra.

Folketalet voks i alle fylka i landet i 2011, men utan innvandringsoverskotet ville folketalet gått tilbake i åtte av fylka – deriblant Møre og Romsdal.

Folketalet voks i 28 kommunar

I 2011 voks folketalet i 28 av fylkets kommunar. Dette er fem fleire kommunar enn året før. I åtte kommunar gjekk folketalet tilbake.

Målt i absolutte tal var veksten sterkast i byane Ålesund, Molde og Kristiansund. Sett bort frå desse, hadde Herøy, Giske, Sula og Fræna kommunar den største veksten i folketalet, alle over 160 personar. Sunndal hadde det største folketapet, målt i absolutte tal.

Den relative veksten var sterkast i Ørskog kommune, med 3,9 prosent. Deretter følgjer Skodje, Giske og Herøy. Sande, Sandøy og Norddal hadde den sterkaste tilbakegangen i folketalet, relativt sett.

Blant kommunane i fylket med vekst i folketalet hadde 13 ein vekst som var sterkare eller lik landet elles (1,3 prosent), medan 15 hadde ein vekst som var sterkare eller lik fylket elles (1,1 prosent).

Folkevekst i Møre og Romsdal målt mot nasjonalt gjennomsnitt 2011

Last ned