Færre unge – fleire eldre

Færre unge – fleire eldre

Alderssamansettinga i befolkninga i Møre og Romsdal har endra seg dei siste åra. Viktige årsaker til dette er at både dødsraten og fruktbarheita i befolkninga er redusert. Ved inngangen til 2012 var om lag 25 prosent av befolkninga 19 år eller yngre. For 30 år sidan var nærare 1/3 av befolkninga i denne aldersgruppa. Dette er ei betydeleg endring. I absolutte tal var endringa på 9 252 færre unge. Samtidig var det ein samla folkevekst i perioden på 20 212 personar.

I same perioden har talet på personar 70 år og eldre auka med 5 698. Det betyr at 28,2 prosent av folketalsauken frå 1982 fann stad i denne aldersgruppa.

Også i Noreg har den relative delen yngre i befolkninga gått ned, medan delen eldre enn 70 år har auka. I absolutte tal har delen yngre auka med 42 240 personar, eller 4,8 prosent av folketalsauken siste 30 år. På same tid har det blitt 102 973 fleire personar i aldersgruppa 70 år og eldre – 11,7 prosent av folketalsauken i perioden.

Den relative delen av yngre (0-19 år) i befolkninga har gått tilbake i alle kommunane i fylket. Samanlikna med 1982, var det berre Ålesund, Skodje og Sula som i absolutte tal hadde fleire i denne aldersgruppa ved inngangen til 2012. Giske var kommunen med den største relative delen av yngre i befolkninga, med 29,2 prosent. I sju av kommunane i fylket er den relative delen av personar som var 70 år eller eldre uendra eller redusert siste 30 år. Skodje var kommunen med lågast del eldre i befolkninga, med 8,4 prosent.

I Møre og Romsdal var 57,9 prosent av alle i aldersgruppa 70 år og eldre kvinner ved inngangen til 2012. Sandøy var kommunen med flest kvinner i denne aldersgruppa, med 64,1 prosent. I absolutte tal har det i Møre og Romsdal blitt 3 062 fleire kvinner og 2 636 fleire menn i denne aldersgruppa i løpet av dei siste 30 år.

Alderssamansettinga i befolkninga 1982 og 2012

Last ned

Aldersgruppene sin relative del av befolkninga 1982 og 2012

Last ned

Alderssamansettinga i befolkninga i Møre og Romsdal 1. januar 2012

Last ned