Auke i innvandrarbefolkninga

Auke i innvandrarbefolkninga

Ved inngangen til 2012 var det 20 246 innvandrarar1 i Møre og Romsdal. Dette svarar til om lag 8 prosent av befolkninga i fylket. I Noreg var delen 11 prosent.

Stordal var den kommunen med høgast del av innvandrarar i befolkninga – nærare 14 prosent. Deretter følgjer Sande og Ulstein. Seks kommunar hadde ein høgare del innvandrarar i befolkninga enn landet elles, og 15 hadde ein høgare del enn fylket elles. Rindal kommune hadde den lågaste delen av innvandrarar i befolkninga.

Nærare 70 prosent av innvandrarbefolkninga i fylket har landbakgrunn frå Europa. Deretter følgjer Asia inkludert Tyrkia (21 prosent) og Afrika (7 prosent). 55 prosent av innvandrarane var mellom 20 og 44 år. For fylket sett under eitt var det tilsvarande talet 32 prosent.

Det var noko fleire menn enn kvinner i innvandrarbefolkninga i fylket – 54 prosent menn og 46 prosent kvinner. Medan 75 prosent av mennene hadde europeisk bakgrunn, var det tilsvarande talet for kvinnene 59 prosent.

Målt i prosent av folketalet, var innvandringa til Møre og Romsdal på 1,5 prosent i 2011. Dette er 0,1 prosentpoeng lågare enn for landet elles, og plasserer fylket på ein 5. plass mellom fylka, etter Oslo, Rogaland, Finnmark og Akershus.

I alt innvandra 3 905 personar til Møre og Romsdal i fjor. Av desse hadde 270, eller 7 prosent, norsk statsborgarskap. Dei største gruppene av innvandrarar, om vi held norske statsborgarar utanfor, hadde landbakgrunn frå Litauen, Polen og Latvia. Deretter følgjer Eritrea, Tyskland og Sverige.

Blant dei som innvandra hadde eit fleirtal europeiske statsborgarskap. Om lag 47 prosent hadde statsborgarskap i Polen eller ein av dei baltiske statane. Klart flest kom frå Litauen (19 prosent) og Polen (18 prosent).

17 872 utanlandske statsborgarar i Møre og Romsdal

Ved årsskiftet var det registrert 17 872 utanlandske statsborgarar i Møre og Romsdal. Dette svarar til 7 prosent av samla folketal og plasserer fylket på ein 9. plass mellom fylka. Oslo er det fylket med flest utanlandske statsborgarar. Her bur 87 094 av dei utanlandske stasborgarane, noko som svarar til 14,2 prosent av samla folkemengd. Lågast del av utanlandske statsborgarar finn ein i Nord-Trøndelag med 4,5 prosent.

Talet på utanlandske statsborgarar har auka jamt i Møre og Romsdal. I 1976 var 0,7 prosent av innbyggarane i fylket utanlandske stasborgarar. I 2006 var delen auka til 2,9 prosent og auken dei siste 5 åra har vore sterkare enn i perioden 1976-2006. I absolutte tal var det om lag 10 200 fleire med utanlandsk statsborgarskap ved inngangen til 2012 samanlikna med 2006, ein auke på 132,9 prosent.

1 av 10 er utanlandsfødde

Talet på utanlandsfødde busett i Møre og Romsdal var ved årsskiftet 22 804 personar. Dette svarar til 8,9 prosent av folkemengda i fylket, eller om lag kvar 10. innbyggar i fylket. Dette er om lag 13 700 fleire enn for 10 år sidan og utgjer ein auke på 150 prosent.

Meir enn kvar 6. av dei utanlandsfødde har eit europeisk statsborgarskap. Deretter følgjer asiatar, inkludert Tyrkia og afrikanarar som dei største gruppene. Totalt sett er det fleire menn enn kvinner blant dei utanlandsfødde, høvesvis 53,4 prosent menn og 56,6 prosent kvinner. Dette er ei endring frå 2002, då det var fleire kvinner (51,5 prosent) enn menn blant dei utanlandsfødde.

Innvandrarar til Møre og Romsdal i 2011

Last ned

Innvandring i prosent av folketalet i 1. januar 2012

Last ned

Innvandrarar i Møre og Romsdal per 1. januar 2012

Last ned

Innvandrarar i Møre og Romsdal etter kjønn i 2011

Last ned

Flyttingar til/frå utlandet 2006-2011

Last ned

Innvandra personar til Møre og Romsdal i 2011

Last ned

Innvandrarbefolkninga og norskfødde med innvandrarforeldre og heile befolkninga Møre og Romsdal per 1. januar 2012

Last ned

Utanlandske statsborgarar, etter fylke. 1. januar 1976-2012. Absolutte tal og i prosent av folkemengda i 2012

Last ned

Utanlandsfødde, busett i Møre og Romsdal

Last ned