90 kvinner per 100 menn

90 kvinner per 100 menn

Ved inngangen til 2012 var det i Møre og Romsdal 90 kvinner per 100 menn i aldersgruppa 20-39 år. I Noreg var det tilsvarande talet 96 kvinner per 100 menn.

Alle fylka i landet hadde kvinneunderskot i denne aldersgruppa, med unntak av Oslo, kor det var 100 kvinner per 100 menn. Møre og Romsdal var på ein desidert sisteplass mellom fylka, ingen hadde færre yngre kvinner enn Møre og Romsdal. Dette er ikkje nytt i Møre og Romsdal. Gjennom heile 1980- og 1990-tallet var delen kvinner per 100 menn i aldersgruppa ­20-39 år, 90 +/- 1.

Seks av kommunane i Møre og Romsdal hadde fleire yngre kvinner i befolkninga enn landsgjennomsnittet. Desse var Norddal, Stordal, Ørskog, Midsund, Sandøy og Sykkylven. Det var berre Norddal, Stordal og Ørskog som hadde fleire kvinner enn menn i aldersgruppa 20-39 år. Som ved inngangen til 2011, var det Norddal som hadde flest kvinner, med 114 kvinner per 100 menn.

Sande var kommunen med størst kvinneunderskot i denne aldersgruppa – 76 kvinner per 100 menn. Deretter følgjer Ulstein med 79 kvinner per 100 menn. Arbeidsinnvandringa frå utlandet var nok ei sentral årsak til dette.

I 18 av fylkets kommunar var talet på yngre kvinner i befolkninga lik eller større enn fylkesgjennomsnittet.

Sterk auke i mannsoverskotet

Det var 129 980 menn og 126 648 kvinner registrert busett i Møre og Romsdal ved årsskiftet, noko som gir 3 332 fleire menn enn kvinner. Ved inngangen til 2011 var det 2 652 fleire menn enn kvinner. Det betyr at mannsoverskotet auka i fjor.

1. januar 2011 var det for første gong fleire menn enn kvinner i Noreg. Då var mannsoverskotet på 1 400. Første gong det var registrert eit mannsoverskot i Møre og Romsdal var ved inngangen til 1989. På det tidspunktet var det busett 119 194 menn og 119 093 kvinner i fylket. Sidan 1997 har det årleg vore fleire busette menn enn kvinner i Møre og Romsdal. Ved inngangen til 2012 var mannsoverskotet på 1,3 prosentpoeng. I 2007 og 2002 var overskotet på høvesvis 0,3 og 0,2 prosentpoeng.

Det er ulike demografiske tilhøve som ligg bak det veksande mannsoverskotet. Det er flyttingane frå og til utlandet som er den klart viktigaste årsaka. I innvandrarbefolkninga i Møre og Romsdal er det i dag om lag 1 500 fleire menn enn kvinner. At det blir fødd fleire gutar enn jenter, og at vi har ein situasjon kor det no er fleire kvinner enn menn i alderen der det døyr flest, bidreg også til å auke mannsoverskotet.

I 2002 var det mannsoverskot i 25 av fylkets kommunar. 10 år seinare har talet kommunar med mannsoverskot auka til 31. Blant kommunane som har gått frå kvinneoverskot til mannsoverskot i denne perioden er Ålesund, Molde og Kristiansund.

I 2012 var delen menn i befolkninga i fylket 50,6 prosent. Til samanlikning var den 53,3 prosent i Sande og 52,3 prosent i Ulstein. Kommunen med høgast del kvinner var Stordal, med 51,3 prosent. Til samanlikning var delen kvinner i befolkninga i Møre og Romsdal 49,4 prosent.

Kvinner per 100 menn i aldersgruppa 20-39 år per kommune, fylket og landet 2012

Last ned

Kvinner per 100 menn i aldersgruppa 20-39 år

Last ned

Kvinner per 100 menn i aldersgruppa 20-39 år fylkesvis 2012

Last ned

Registrert busette per. 1.1. etter kjønn i Møre og Romsdal

Last ned

Folkemengd etter kjønn 2002, 2007 og 2012

Last ned