27 000 fleire innbyggarar fram mot 2022

27 000 fleire innbyggarar fram mot 2022

Folketalsauken vil truleg halde fram i åra som kjem, men bli mindre etter kvart. I følge mellomalternativet1 til SSB, vil Møre og Romsdal ha ein folketalsauke dei neste ti åra på over 27 000 personar. Den forventa auken er større enn innbyggartalet i Molde ved inngangen til 2012.

Fram mot 2022 er det venta folketalsauke i 32 kommunar i fylket. Sterkast vekst er venta i Ulstein og Skodje, begge over 25 prosent. Det er venta tilbakegang i folketalet i fire kommunar, størst i Vanylven. I 13 kommunar er folketalsutviklinga venta å vere sterkare enn fylkesgjennomsnittet. I seks kommunar er folketalsveksten venta å vere sterkare enn landsgjennomsnittet.

Framskrivingane for kommunane Ålesund, Molde og Kristiansund er positive, og for Kristiansund og Ålesund er veksten venta å vere sterkare enn den nasjonale fram til 2022. Sterkast relativ vekst er venta i Kristiansund.

Nærare 60 prosent av folketalsveksten fram mot 2022 er venta blant dei mellom 50-79 år. Størst auke er venta i aldersgruppa 70-79 år, både relativt og absolutt. Dette vil trekke gjennomsnittsalderen i befolkninga oppover, samanlikna med i dag.

Folketalsveksten er særleg høg dei første framskrivingsåra, og fram mot 2015 er auken i Møre og Romsdal venta å vere på 3,2 prosent. Dette er 0,8 prosentpoeng lågare enn landet elles. Auken er venta å fortsette, med 8,6 prosent fram mot 2020 og 17,2 prosent fram mot 2030. Dette er ei utvikling på linje med landet elles, om enn noko svakare.

Dersom folketalsauken følgjer prognosane til SSB, vil Møre og Romsdal ha fleire enn 300 000 innbyggarar i 2030. I denne perioden er det venta vekst i 33 av 36 kommunar i fylket. Sterkast er veksten venta å bli i Ulstein og Skodje, begge over 40 prosent! Det er venta tilbakegang i folketalet i tre kommunar. I 14 kommunar er folketalsutviklinga venta å vere lik eller større enn fylkesgjennomsnittet.

Venta folketalsvekst neste 10 åra i prosent 2012-2022

Last ned

Venta folketalsvekst neste 10 åra fordelt på aldersgrupper

Last ned

Venta folketalsvekst i prosent fram mot 2030

Last ned