20-29-åringar flyttar mest

20-29-åringar flyttar mest

I 2011 flytta 3 916 personar til Møre og Romsdal frå andre fylke i landet, medan 4 681 flytta motsett veg. Dette gav eit innanlandsk flyttetap på 765 personar. Førre året hadde Møre og Romsdal innanlandsk flyttetap til 11 fylke. Størst var flyttetapet til Oslo, med 294 personar. Størst innanlandsk flyttegevinst hadde Møre og Romsdal til Sogn og Fjordane, med 41 personar.
Av dei som flytta frå Møre og Romsdal, flytta flest til Oslo. Deretter følgjer Sør-Trøndelag og Hordaland. Om lag 2 600 personar, eller nærare 55 prosent av alle dei som flytta, flytta til eit av desse tre fylka.

Av dei som flytta til Møre og Romsdal, kom om lag 1 900 personar, eller nesten 55 prosent, frå fylka Sør-Trøndelag, Oslo og Hordaland.

Blant kommunane i fylket er det 11 som hadde innanlandsk flyttegevinst i 2011. I perioden 2008-2011 er det Skodje og Rindal kommunar som kan vise til innanlandsk flyttegevinst kvart år. Ytterlegare 3; Kristiansund, Sula og Averøy kommunar, har hatt flyttegevinst i tre av fire år, medan Giske, Smøla og Stordal har hatt innanlandsk flyttegevinst i to av desse fire åra. I alt er det 13 kommunar i fylket som har hatt netto innanlandsk flyttetap kvart år i perioden 2008-2011.

Det er i aldersgruppa 20-29 år at fylket har det største innanlandske flyttetapet. I 2011 var tapet på 866 personar. Dette er ein periode i livet då mange flyttar ut og tek til på studia sine, eller tek til i sin første jobb etter avslutta skulegong. I 2011 hadde fylket også flyttetap i aldersgruppene 16-19 år, 40-49 år og 67 år og eldre. Størst flyttegevinst hadde Møre og Romsdal for aldersgruppa 0-5 år. Flyttegevinsten var også betydeleg i aldersgruppa 30-39 år. Det indikerer at det er ein del familieeiningar med barn som flyttar til fylket.

I perioden 2008-2011 hadde Møre og Romsdal flyttegevinst i aldersgruppene 0-5, 30-39 og 60-66 år.

Tal år med positiv innanlands nettoflytting i perioden 2008-2011

Last ned

Innanlandsk nettoflytting Møre og Romsdal 2008-2011

Last ned