Møre og Romsdal – 11. plass mellom fylka

Møre og Romsdal – 11. plass mellom fylka

Folketalet voks i alle fylka i 2011. Møre og Romsdal kom på ein 11. plass mellom fylka. Oslo skil seg ut ved å ha den sterkaste veksten, med 2,3 prosent. Det var 1 prosentpoeng sterkare enn veksten i landet, og 1,2 prosentpoeng sterkare enn veksten i Møre og Romsdal.

Også i eit 10-års perspektiv skil Oslo seg frå dei andre fylka ved å ha den klart sterkaste folketalsauken, heile 19,6 prosent. Til samanlikning var veksten i landet på 10,2 prosent og i Møre og Romsdal 5,2 prosent. Dette plasserer Møre og Romsdal på ein 11. plass mellom fylka i denne perioden.

At fylket har ein svakare relativ vekst i folketalet enn landet, fører til at stadig færre høyrer heime i Møre og Romsdal. Medan fylkets innbyggarar utgjorde 5,6 prosent av samla folketal i Noreg i 1992, var det tilsvarande talet 5,1 prosent ved inngangen til 2012.

Flyttevinst frå utlandet – i år som i fjor

Møre og Romsdal hadde i 2011 ei nettoinnvandring på 2 832 personar. Dette var fleire enn nokon gong før. Alle fylka hadde eit overskot i nettoinnvandringa, og den var særleg stor i tre delar av landet: Størst i Oslo og Akershus, med nærare 14 300. Deretter følgjer Hordaland og Rogaland med om lag 8 200 og Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag med 5 400. I prosent av folketalet var overskotet størst i Oslo, med 1,4 prosent. Til samanlikning var det tilsvarande talet i Møre og Romsdal 1,1 prosent og for landet elles 0,9 prosent.

Endring i folketalet siste år i prosent

Last ned

Innanlandsk flytting i 2011

Last ned

Nettoinnvandring 2011 i prosent av folketalet

Last ned