Stadig nye rekordar i bustadmarknaden

Stadig nye rekordar i bustadmarknaden

Rekordane har ikkje lang levetid i bustadmarknaden i Møre og Romsdal. Rekordane som vart sett i 2010 fekk berre eit års levetid, og 2011 sette nye rekordar både innan samla kjøpesum, talet på omsetningar og gjennomsnittleg kjøpesum. Bustadeigedom omfattar einebustad, tomannsbustad, rekke- og kjedehus, blokkhusvære og anna, inkl. leigebustader og liknande.

For første gong i historia har talet på omsetnader med heimelsoverføring av grunn (tomt) i Møre og Romsdal passert 4 000. I 2011 var det 4 273 omsetnader i Møre og Romsdal, ein auke på 293 omsetnader, eller 7,4 prosent frå året før. På landsbasis var auken på 6 948 omsetnader, eller 9,1 prosent. Byane står for omtrent 45 prosent av alle omsetnadene i bustadmarknaden. Molde hadde ein svak auke på 0,2 prosent, i Ålesund auka omsetnaden med 2,5 prosent, medan auke i omsetnaden i Kristiansund var på 11,3 prosent. Auken i omsetnader i absolutte tal var høgast i Kristiansund, Giske og Volda med høvesvis 50, 48 og 43 fleire omsetnader.

Den samla kjøpesummen for bustadeigedommar i fylket sette også ny rekord i 2011, med i overkant av 8,5 milliardar kroner, ein auke på 13,5 prosent. Gjennomsnittleg kjøpesum er for første gong over 2 millionar kroner i fylket, med 2 001 000 kroner, ein auke på 5,7 prosent frå 2010. Både gjennomsnittleg kjøpesum og samla kjøpesum hadde ein større auke på landsbasis, med 7,3 prosent og 17,1 prosent. Gjennomsnittleg kjøpesum i Møre og Romsdal er 24 prosent lågare enn landsgjennomsnittet. Molde er framleis den einaste kommunen kor gjennomsnittleg kjøpesum er høgare enn kva den er for landet, med 2 943 020 kroner. Gjennomsnittleg kjøpesum i Ålesund er 2 286 238 kroner, 29 prosent lågare enn i Molde, medan den er 2 179 289 kroner i Kristiansund, 35 prosent lågare enn i Molde.

Samla kjøpesum i Møre og Romsdal utgjorde i 2011 om lag fire prosent av den samla kjøpesummen for heile landet.

Tal bustadsal, samla kjøpesum og gjennomsnittleg kjøpesum per omsetning. Kommunevis Møre og Romsdal

Last ned