Høgare aktivitet i bustadbygginga

Høgare aktivitet i bustadbygginga

Frå 2010 til 2011 gjekk bygginga av nye bustader kraftig opp i Møre og Romsdal. Auken var på 39,6 prosent eller 471 bustader.

Auken i bustadbygginga i Møre og Romsdal kjem som følge av ein auke innan bygginga av både einebustader, rekkehus m.v., og ikkje minst andre bustader. Det var i tidsperioden ein svak nedgang på 1,6 prosent i bygginga av blokker, noko som tilsvarar 3 blokker. Auken i bygginga av einebustader var på om lag 20 prosent, medan bygginga av rekkehus m.v. vart dobla, med om lag 48 prosent. Den aller største auken var innan bygginga av såkalla andre bustader, som omfattar bu- og service­senter, bufellesskap, hybelhus, studentbustader og andre bygg enn bustadbygg. Her var bygginga av studentbustader i Ålesund særleg utslagsgivande. Samla var auken i bygginga av såkalla andre bustader på 541 prosent, eller 157 bustader.

Fordelinga mellom kva slags bustader som vert sett i gang i Møre og Romsdal i 2011 var: 37,4 prosent einebustader, 40,4 prosent rekkehus m.v., 10,9 prosent blokker og 11,3 prosent andre bustader. Samanlikna med landet elles så er det ein langt høgare del einebustader og rekkehus m.v. som blir sett i gang i Møre og Romsdal. Dette heng truleg saman med kva som er etterspurt i bustadmarknaden og kva som må byggast for å dekke bustadbehovet i storbyane, både innan bustader, men også innan andre bustadbygg. Igangsettinga av bustadbygg gjekk opp med om lag 21 prosent i Ålesund, 24 prosent i Kristiansund, medan den gjekk ned i Molde med om lag 2 prosent.

Byggeaktiviteten var høgast i Ålesund, med 398 igangsette bustadbygg. I Molde vart 157 bustadbygg igangsett, medan aktiviteten var tredje høgast i Giske, med 111 igangsette bustadbygg. Byane Molde, Ålesund og Kristiansund utgjer 38 prosent av all igangsett bustadbygging i fylket i 2011, mot 47 prosent i 2010.

Bustadbygging, igangsette bustader kommunevis, samla for fylket og landet 2011

Last ned