Auke i talet på fritidseigedommar

Auke i talet på fritidseigedommar

Frå 2001 til 2012 gjekk talet på fritidseigedommar i Møre og Romsdal opp med 16,7 prosent, frå 15 344 til 17 906. Auken er om lag på nivå med landet elles, kor det var ein auke i same periode på 15,9 prosent. Størst auke i talet på fritidseigedommar var det i Sør-Trøndelag og Troms, med 25,1 og 24,6 prosent auke. Den største nedgangen i perioden var i Akershus, med 6 prosent.

Aure er kommunen i Møre og Romsdal med flest fritidseigedommar, med Surnadal og Rauma på plassane bak. Giske, Sandøy og Aukra er dei kommunane kor det er færrast fritidseigedommar. Om ein ser på talet fritidseigedommar per km2 i staden for det absolutte talet, ser ein at Ålesund, Kristiansund og Skodje kjem på toppen. Færrast fritidseigedommar per km2 er det i Norddal, Sunndal og Nesset.

I 2011 blei det sett i gang bygging av i alt 326 fritidseigedommar i Møre og Romsdal. 38 av desse i Surnadal, flest av alle kommunane i fylket, med Stranda og Gjemnes som nummer to og tre på lista. I fire kommunar vart det ikkje sett i gang bygging av fritidseigedommar i 2011. Desse kommunane er Sula, Giske, Eide og Ålesund. Samstundes vart 250 fritidseigedommar ferdigstilte same år, flest i Gjemnes med 45, etterfølgt av Vestnes med 40 og Fræna med 22. Til saman hadde desse tre kommunane 42,8 prosent av alle dei ferdigstilte fritidseigedommane i 2011.

I tillegg til fritidseigedommane var det i 2011 – 2 416 heilårsbustader eller våningshus som blir nytta som fritidsbustad i fylket. Ein auke frå 2001 på 47,5 prosent, eller 778 bustader eller våningshus. Til samanlikning var auken på 39,1 prosent i landet. I Sør-Trøndelag auka talet på heilårsbustader eller våningshus som blir nytta som fritidsbustad med 114,7 prosent frå 2001 til 2011. Akershus hadde ein nedgang på 61,8 prosent i same periode.

Tal fritidsbygningar, fritidsbygningar per km2 og igangsatte og fullførte fritidsbygninger, 2011 og 2012

Last ned