82 prosent av husavfallet levert til attvinning

82 prosent av husavfallet levert til attvinning

Avfall levert til attvinning utgjorde 82 prosent av dei totale mengdene avfall frå hushalda i fylket i 2011. Dette er om lag på nivå med landet elles.

Etter fleire år med markert auke i innsamla hushaldsavfall, synest mengda per innbyggar å stabilisere seg. I snitt kasta kvar innbyggar i Møre og Romsdal 407 kg hushaldsavfall i 2011. Dette var 1,2 prosent meir enn i 2010 og 51,9 prosent meir enn i 1995. Til samanlikning kasta kvar innbyggar i landet 438 kg hushaldsavfall i 2011. Dette var 3,3 prosent meir enn i 2010 og 62,8 prosent meir enn i 1995.

I 2011 var det handsama i alt 104 tusen tonn hushaldsavfall i Møre og Romsdal. Av dette vart 61 tusen tonn brent, 39 tusen tonn levert til materialattvinning og resten anten deponert eller handtert på andre måtar (totalt 4 tusen tonn). I prosent av dei totale mengdene avfall frå hushalda i fylket, vart 38 prosent levert til materialattvinning og 59 prosent av hushaldsavfallet brent. For landet var delen levert til materialattvinning 40 prosent og 56 prosent vart brent.

Kg hushaldsavfall per innbyggar. Utsortering- og attvinningsgrad inklusiv energiutvinning, etter fylke. 1995-2011

Last ned

Innsamla hushaldningsavfall per person 1995-2011. Kg per innbyggar

Last ned