217 verna område i Møre og Romsdal

217 verna område i Møre og Romsdal

Ved inngangen til 2012 var det 217 verna område i Møre og Romsdal og desse dekker 4 170 km2 av landarealet – tilsvarande om lag 28 prosent av landarealet. Det aller meste av dette er høgfjell og uproduktiv mark.

I alt var det 3 nasjonalparkar, 178 naturreservat, 13 landskapsvernområde og 23 andre fredingar i Møre og Romsdal. I 2011 omfatta landskapsvernområda 2 526 km2, nasjonalparkane – 1 191 km2, medan naturreservat og andre fredingar til saman utgjer under 453 km2. Frå 2006 til 2011 auka det verna arealet i fylket med om lag 100 km2. Mesteparten av auken kom innan naturreservat.

Blant kommunane i fylket var det Sunndal, Norddal og Stranda som hadde størst del av areal med inngrepsfrie område, målt i prosent av samla landareal. Ålesund, Kristiansund og Averøy hadde minst del av areal som var inngrepsfrie.

Område utan tyngre tekniske inngrep blir omtala som inngrepsfri natur (INON), og areal med ein avstand på over fem kilometer frå slike inngrep blir klassifisert som villmarksprega. Kommunane Rindal, Surnadal og Sunndal er dei kommunane som kan skilte med den største delen (%) villmarksprega område i Møre og Romsdal. Det er i desse kommunane vi har dei største landskapsvernområda og nasjonalparkane. I alt hadde 12 kommunar i fylket inngrepsfrie område med villmarkspreg.

Verna areal i Møre og Romsdal etter type vern i km2

Last ned

Areal inngrepsfrie område i kommunane i Møre og Romsdal 2008

Last ned