Nedgang i sjukefråværet

Nedgang i sjukefråværet

Frå 2. kvartal 2011 til 2. kvartal 2012 gjekk det legemeldte sjukefråværet ned med 0,5 prosentpoeng i Møre og Romsdal, til 5,3 prosent. Sjukefråværet i fylket er no på om lag same nivå som i landet elles (5,2 %). Sju fylke har lågare sjukefråvær enn Møre og Romsdal. Lågast var det i Rogaland.

Innanfor same periode har det legemeldte sjukefråværet blant kvinner gått ned frå 7,7 til 7,3 prosent. Blant menn har det gått ned frå 4,3 til 3,9 prosent. Sjukefråværet varierer mykje frå år til år, både blant menn og kvinner i Møre og Romsdal. Dei siste 10 åra har det variert mellom 8,6 og 7,1 prosent for kvinnene og mellom 5,4 og 4,2 prosent for mennene.

Fra 2011 til 2012 har sjukefråværet gått ned eller halde seg på same nivå i 30 av kommunane i fylket.
Alle kommunane, med unntak av Giske, Sandøy og Fræna, hadde eit sjukefråvær per 2. kvartal 2012 som var lik eller mindre enn sjukefråværet på same tidspunkt i 2008.

Ved utgangen av 2. kvartal 2012 var det legemeldte sjukefråværet lågast i Midsund og Sandøy, begge med 3,8 prosent. Deretter følgjer Norddal og Ulstein. Høgast sjukefråvær var det i Vestnes og Rindal kommunar. 17 kommunar hadde ein sjukemeldingsdel lik eller under fylkes- og landsgjennomsnittet.

Legemeldt sjukefråvær per 2. kvartal for arbeidstakarar (prosent)

Last ned

Legemeldt sjukefråvær i prosent. Møre og Romsdal 2002-2012 (per 2. kvartal)

Last ned

Sjukefråværsprosent 2. kv 2012, fylkesvis

Last ned