Få arbeidsledige

Få arbeidsledige

I august 2012 var det 2 727 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Dette svarar til 2 prosent av arbeidsstyrken i fylket. På same tidspunkt var 2,6 prosent av arbeidsstyrken i landet heilt ledige. Berre Rogaland og Sogn og Fjordane hadde lågare arbeidsløyse enn Møre og Romsdal, begge med 1,9 prosent. Høgast var arbeidsløysa i Østfold med 3,6 prosent.

Hareid hadde den høgaste arbeidsløysa i fylket i august 2012, med 3,9 prosent. Deretter følgjer Ørskog og Kristiansund. Kommunen med lågast arbeidsløyse var Sandøy, med 0,4 prosent. 25 kommunar hadde ei arbeidsløyse som var lågare enn gjennomsnittet for fylket, og 32 kommunar hadde ei arbeidsløyse som var lågare enn landsgjennomsnittet. Blant dei tre største byane var arbeidsløysa lågast i Molde og høgast i Kristiansund.

Fleire menn enn kvinner var arbeidsledige i Møre og Romsdal per august 2012. Målt i prosent av arbeidsstyrken var arbeidsløysa høgare blant kvinnene enn mennene, høvesvis 2,1 og 2 prosent.
I perioden 2005-2011 har arbeidsløysa vore om lag 0,5 prosentpoeng lågare i Møre og Romsdal enn i landet elles.

Arbeidsløysa gjekk ned blant innvandrarane

Arbeidsløysa blant innvandrarane i Møre og Romsdal gjekk ned frå 5,8 prosent i mai 2011 til 5,1 prosent i mai 2012. Dette er same utviklinga som i dei andre fylka, med unntak av Telemark, Hedmark og Oppland.

Arbeidsløysa var klart høgare blant innvandrarane enn i befolkninga elles. Det er berre Rogaland, Troms og Hordaland som har lågare arbeidsløyse i innvandrarbefolkninga enn Møre og Romsdal.

Arbeidsløyse i prosent av arbeidsstyrken august 2012

Last ned

Arbeisløyse blant innvandrarar etter bustadsfylke. Absolutte tal og i prosent av arbeidsstyrken. Utgangen av mai 2012 og endringar siste året

Last ned